28/10/2026
Fødeavdelinga på Stord sjukehus må ikkje sveikkast! Det store engasjementet viser kor viktig dette er for folk på Stord og i nabokommunane. Her kan du lesa heile appellen som Inga Margrethe heldt på måndag:
Eg trur mange av dykk som har møtt opp her i dag er her fordi de har erfart verdien av å ha eit nærsjukehus. Å ha eit stabilt og godt fødetilbod i nærleiken gir tryggheit. Å ha akkuttfunksjon er alfa og omega. Eg har sjølv erfart kor bra at det kan gå, når sjukehuset blir kopla på legevakta, då eit sjukdomstilfelle i familien brått blei dramatisk.
Når dei føreslegne endringane i leiingsmodell vekker så mykje merksemd og motstand, er det fordi folk er bekymra for framtida til sjukehuset. Mister me ein og ein funksjon, har sjukehuset til slutt ikkje den samla kompetansen som er så verdifull for oss.
Det er òg lett å forstå uroa til dei tilsette. Arbeidskvardagen blir meir uføreseieleg for dei om dei må rullera på kor dei jobbar, og avstanden til avgjersler blir lengre.
Når dette med stadleg leiing er hovudregel i norske helseføretak, er det ikkje fordi det er «kjekt å ha». Det er fordi dei beste avgjerslene for pasientar og tilsette blir tekne når ein har lokal kjennskap til staden ein leiar. Snakkar med fagmiljøet der, og forstår dei lokale behova.
Om ei veke legg helseministeren fram forslag til ein ny helsereform. Sjukehusa skal samarbeida meir med kommunar. Ein skal ikkje måtta fortelja historia si på nytt til stadig nye folk. Det blir ikkje mindre viktig med den lokale kunnskapen og erfaringa i framtida. Slå ring om og styrk Stord sjukehus.