Stryn bibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Stryn bibliotek Fellesskap mellom fjord og fjell
Folkebibliotek for Stryn kommune. Skulebibliotek for Stryn VGS og Tonning skule. Ein stad å oppleve. Ein stad å vere.

Ein stad å låne, lese og lære. Heimeside: www.strynbibliotek.no Biblioteket ligg sentralt plassert i trivelege lokale i første etasje på Stryn vidaregåande skule. Biblioteket i Stryn er hovudbibliotek for Stryn kommune og skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule. Vi er eit meirope bibliotek. Det vil seie at du kan låse deg inn på biblioteket alle dagar mellom kl. 7-23, dersom du har skrive under kontrakt.

Har du lyst til å lære meir om slekta di, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? No inviterer Slekt og Data til eit g...
16/10/2026

Har du lyst til å lære meir om slekta di, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? No inviterer Slekt og Data til eit gratis nybyrjarkurs i slektsforsking på Stryn bibliotek.

Tid:

Fredag 6. november kl. 17.00–20.30
Laurdag 7. november kl. 10.00–18.00

Kurshaldar er Bjarne Husevåg, leiar i Slekt og Data, som vil gi ei innføring i korleis du kan kome i gang med slektsforsking. Deltakarane vil mellom anna få lære om ulike kjelder og nettstader der ein kan finne arkivmateriale, folketeljingar, kyrkjebøker og anna relevant informasjon for slektsgransking.

Kurset er gratis, og det blir servert enkel mat undervegs.

Det er svært ønskjeleg at deltakarane tek med seg eigen PC, og at dei har grunnleggjande kunnskap i bruk av datamaskin. Det er ikkje nødvendig å ha installert eige slektsprogram, men det er ein fordel å ha tilgang til eit skriveprogram som kan nyttast til notat og registrering av opplysningar.

Velkomen til eit lærerikt kurs for alle som er nysgjerrige på familiehistoria si!

Det er avgrensa plassar på kurset, så dersom ein ønskjer å vere med må ein melde frå så raskt som mogeleg til denne e-postadressa: [email protected]

Kurset blir arrangert i samarbeid med Stryn historielag og Stryn bibliotek.

I dag, torsdag 15. oktober, stenger biblioteket kl. 16 pga sjukdom. Det er mogeleg å nytte seg av meirope bibliotek fram...
15/10/2026

I dag, torsdag 15. oktober, stenger biblioteket kl. 16 pga sjukdom. Det er mogeleg å nytte seg av meirope bibliotek fram til kl. 23 for dei som har tilgang til det.

På grunn av sjukdom stenger biblioteket kl. 16 på torsdag 15. oktober. Det er mogeleg å bruke meirope bibliotek fram til kl. 23.

Vi hadde mykje besøk på biblioteket i haustferieveka og mange var også med på den fine haustjakta som Wibeke hadde laga ...
13/10/2026

Vi hadde mykje besøk på biblioteket i haustferieveka og mange var også med på den fine haustjakta som Wibeke hadde laga til i form av quiz-spørsmål som ein kunne leite etter på biblioteket. Det var 43 barn som leverte inn svar og den heldige vinnaren vart Sofia! Vi kontaktar vinnaren 😊

📚🚫 Forbodne bøker på Stryn bibliotek!Frå 5. til 11. oktober markerer vi Forbodne bøker-veka med ei utstilling av bøker s...
05/10/2026

📚🚫 Forbodne bøker på Stryn bibliotek!

Frå 5. til 11. oktober markerer vi Forbodne bøker-veka med ei utstilling av bøker som har vore forbodne eller sensurerte rundt om i verda.

Visste du at både Brødrene Løvehjerte, Kristin Lavransdatter og fleire av dagens mest omdiskuterte bøker har vore utsette for sensur?

Kom innom og bli kjent med historiene bak bøkene – og lån dei gjerne med deg heim.

Dei siste vekene har vi hatt gleda av å arrangere to svært vellukka og interessante møte på biblioteket.Den 15. septembe...
03/10/2026

Dei siste vekene har vi hatt gleda av å arrangere to svært vellukka og interessante møte på biblioteket.

Den 15. september fekk vi besøk av Anders Nordrum og Barbro Nordrum, som delte kunnskap og erfaringar om beredskapshagen og korleis vi kan dyrke meir av vår eigen mat. No på torsdag fekk vi besøk av Margaret Heldor som fortalde om korleis mora og hennar omgangskrins opplevde 2. verdskrig som unge vaksne i krigsåra, basert på boka som ho har skrive.

Begge arrangementa samla mange deltakarar og skapte stort engasjement. Takk til alle som kom!

No ser vi fram til ein innhaldsrik oktober og november med mange nye arrangement på programmet. Ta gjerne ein kikk på heimesida vår og sjå kva som skjer framover – kanskje finn du noko som freistar?

https://strynbibliotek.no/kva-skjer/

🍂 Haustferie på biblioteket! 🍂Frå 5. til 10. oktober inviterer vi til kjekke haustferieaktivitetar for barn og familiar ...
03/10/2026

🍂 Haustferie på biblioteket! 🍂

Frå 5. til 10. oktober inviterer vi til kjekke haustferieaktivitetar for barn og familiar på biblioteket!

Aktivitetsbord kvar dag
Quiz med premie
Filmframsyning av Superkompisene fredag 9. oktober kl. 12.00

Merk at biblioteket har reduserte opningstider i haustferien:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 10.00–15.00
Torsdag: kl. 12.00–18.00
Laurdag: kl. 11.00–14.00
Meirope kvar dag kl. 7-23

Velkomen innom for ei hyggeleg haustferieveke med aktivitetar, quiz og film!

I kveld kl. 19.00 på biblioteket: «Jeg vil ikke slutte å tenke. En beretning om å være ungdom og bli voksen under andre ...
01/10/2026

I kveld kl. 19.00 på biblioteket: «Jeg vil ikke slutte å tenke. En beretning om å være ungdom og bli voksen under andre verdenskrig» med Margaret Heldor. Velkomen!

Vi gler oss veldig til oktober og november på biblioteket. Det er bokhaust med mange nye og kjekke bøker, og i tillegg h...
30/09/2026

Vi gler oss veldig til oktober og november på biblioteket. Det er bokhaust med mange nye og kjekke bøker, og i tillegg har vi to månadar med mange fine programpostar å sjå fram til.

Vi byrjar med Torsdagskringla med Margaret Heldor i morgon kl. 19. Heldor fortel om boka si, basert på mor hennar sine dagbøker og brev frå andre verdskrigen. Ei gripande forteljing for alle som er interesserte i historie og menneskeskjebnar.

Bileta viser brosjyra som du kan få fysisk på biblioteket med oversikt over arrangementa våre, men gå gjerne innom heimesida vår https://strynbibliotek.no/ og les meir om det som skjer. Alle arrangementa er gratis og ope for alle. Velkomen! 😀

Adresse

Hegrevegen 1
Stryn
6783

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4757874880

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stryn bibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stryn bibliotek:

Snarveier

Del

Kategori