08/10/2026
Lesarbrevet 'Vi treng meir norskprodusert mat', publisert i Fjordingen
"Vi treng meir norskprodusert mat
Uro og krig i Midtausten og krigen i Ukraina har auka kostnadane bønder har knytta til matproduksjon, til dømes gjennom at kunstgjødsel har vorte dyrare. Det er kjempeviktig at ein sikrar tilgang til nok mat som òg er næringsrik nok til alle som bur i Noreg. Over halvparten av maten som vi et her i Noreg er importert. Dette gjer Noreg veldig sårbart. Vi treng meir norskprodusert mat, både av omsyn til eigen mattryggleik, men òg fordi det er usolidarisk overfor folk i andre delar av verda å ikkje bidra meir til den totale matforsyninga på planeten vår.
Raudt vil at landbrukspolitikken skal byggje på å ta alle delar av Noreg i bruk, og at det av den grunn skal vere landbruk over heile landet. Den lokale, løpande matproduksjonen må danne grunnlaget for oppbygginga av matvareberedskapen. Det må opprettast kornlager for minst 24 månaders matbehov. Noreg må redusere importkvotane for kjøt og slutte med å importere dei typane grønsaker og frukt som kan dyrkast i Noreg utan drivhus, når denne typen grønsaker og frukt er i sesong i Noreg.
Familielandbruk må framleis vere grunnstammen i norsk landbruk. Landbrukssamvirka må framleis vere marknadsregulator, samt oppfylle hente- og leveringsplikta i heile landet. Det bør etablerast ein marknadsregulator for grøntnæringa, med henteplikt, for å etablere og sikre føreseielegheit for avsetning av produkta frå og over heile landet. Det bør vidare innførast småbrukstilskot til alle produksjonar i jordbruksavtalen etter mal for småbrukstilskot til kumjølkbønder. Den norske produksjonen av kraftfôr må styrkast.
Det er på høg tid at inntektene i jordbruket vert jamstilt med andre grupper i samfunnet, basert på eit mest mogleg reelt talgrunnlag.
Ei jamstilling av inntektene i jordbruket med andre grupper i samfunnet må òg tyde at minstesatsen i lønnstariffane for innleigd arbeidskraft i landbruket aukast.
Anders Hamre Sveen, leiar av Raudt Stryn "
(Lenkje: https://www.fjordingen.no/meiningar/o/8GqdW2/vi-treng-meir-norskprodusert-mat )