16/09/2026
🏥🔧 Likar du å forstå korleis helsebygg fungerer - og få alt til å spele på lag?
Vi søker byggdriftar i 100 % fast stilling til helsebygga i Surnadal kommune. Her får du ein variert teknisk kvardag med ansvar for drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og uteområde – slik at bebuarar, brukarar og tilsette har trygge og funksjonelle rammer rundt seg.
🏗️ Samtidig skjer det noko stort: Surnadal Helsehus er under utvikling. Som byggdriftar får du vere med allereie i byggefasen, bidra med driftsperspektivet og delta i prøvedrift, overlevering og overgangen til ordinær drift. Du får også ei viktig rolle når nye tekniske anlegg og digitale styringssystem skal takast i bruk.
Dette kan vere jobben for deg som likar kombinasjonen av praktisk arbeid, moderne byggteknologi og problemløysing – og som vil vere med og utvikle god kommunal eigedomsdrift for framtida.
👉 Les meir om stillinga og søk innan 11. oktober.
Surnadal kommune Teknisk drift