Sveio folkebibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Sveio folkebibliotek Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sveio folkebibliotek, Bibliotek, Sveiogata 32, Sveio.

Tusen takk til Sveio IL for at biblioteket fekk snika inn ei lita lesestund mellom trening og fotballglede! ⚽📚Monica Lau...
02/11/2026

Tusen takk til Sveio IL for at biblioteket fekk snika inn ei lita lesestund mellom trening og fotballglede! ⚽📚

Monica Laupsa var skikkeleg sporty og stilte opp ute på fotballbanen, der ho las for ein flott gjeng med fotballjenter. Det vart ei kjekk stund som viste at gode historier høyrer heime overalt – også på sidelinja av fotballbanen.

Takk til alle dei flinke jentene som lytta, og takk til Sveio IL for at de gav plass til litteraturen midt i fotballkvardagen! ⚽️⚽️⚽️

Litt bilete frå minikonserten til kulturskulen i Valenheimen på onsdag. Takk til flinke elevar og lærar, og til familien...
30/10/2026

Litt bilete frå minikonserten til kulturskulen i Valenheimen på onsdag. Takk til flinke elevar og lærar, og til familien Valen-Sendstad som opnar heimen.

Konserten er kulturskulen sitt bidrag til Kulturveka i Sveio!

I dag har me hatt ei fantastisk samling med alle jentene på 5. trinn frå Førde skule, Auklandshamn skule, Valestrand sku...
30/10/2026

I dag har me hatt ei fantastisk samling med alle jentene på 5. trinn frå Førde skule, Auklandshamn skule, Valestrand skule og Vikse skule!

De imponerte oss verkeleg – de var nysgjerrige, engasjerte og lærte utruleg raskt. Etter ein dag med utforsking av Osmo, Micro:bit, iMovie, Ozobot, Cubetto og slimlaging sit me att med stor tru på at framtida vil få mange dyktige teknologar!

Ein stor takk til Tuva Thorkildsen Solhaug, som opna dagen med eit inspirerande innlegg om kvifor fleire jenter bør velja teknologiske utdanningar og yrke. Tuva har bachelor i IT frontend og mobilutvikling, og studerer no Spel, grafikk og animasjon. Takk for at du delte erfaringane dine og viste at moglegheitene innan teknologi er mange!

Takk for ein inspirerande dag – de gjev oss verkeleg håp for framtida! 👏💻🚀

Takk til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR) for økonomisk støtte.🌸✨

Ei vakker stund i Valenheimen! Takk til alle som kom og delte ettermiddagen med oss. Grieg sine op. 66 og Haugtussa vart...
29/10/2026

Ei vakker stund i Valenheimen!

Takk til alle som kom og delte ettermiddagen med oss. Grieg sine op. 66 og Haugtussa vart levandegjorde gjennom nydeleg song av Siri Kval Ødegård og vakkert klaverspel av Marina Johansson.

Takk for ei fin musikalsk oppleving!
Takk til Fartein og Sølvi Irene som opnar Valenheimen for kulturopplevinga.🤩🎶

Kva gjer vi med dei gamle husa våre – riv vi dei, eller tek vi vare på dei?Dette var eitt av temaa då Ellen Tveit presen...
28/10/2026

Kva gjer vi med dei gamle husa våre – riv vi dei, eller tek vi vare på dei?

Dette var eitt av temaa då Ellen Tveit presenterte den nye kulturmiljøplanen på Sveio folkebibliotek. Med godt oppmøte vart det ein inspirerande kveld med mange tankevekkjande perspektiv.

Eit bodskap som festa seg, var at gamle hus ikkje nødvendigvis treng ei totalrenovering. Kvifor byta ut alt når det ofte er nok å skifta ut den planken som er roten? Slik kan vi ta vare på både historia og dei solide byggemateriala som ofte held ein kvalitet det er vanskeleg å finna i dag.

Kulturarven vår handlar om meir enn gamle bygningar – han fortel historia om kven vi er, og gir oss verdiar å byggja framtida på. Difor er det viktig å ta vare på det vi har, med omtanke og respekt.

Tusen takk til Ellen Tveit for ei engasjerande og kunnskapsrik presentasjon, og takk til alle som møtte opp og bidrog til ein inspirerande kveld!

Dark night på biblioteket. Blood on the Clocktover. Takk til Kristian Haaland for at han arrangerer «spillekveld»
27/10/2026

Dark night på biblioteket. Blood on the Clocktover. Takk til Kristian Haaland for at han arrangerer «spillekveld»

Adresse

Sveiogata 32
Sveio
5550

Åpningstider

Mandag 13:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 13:00 - 15:00

Telefon

+4753748075

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sveio folkebibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sveio folkebibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten