Gode Bremanger

Veibeskrivelse Nettsted

Gode Bremanger Gode Bremanger er eit initiativ frå Bremanger kommune for å tiltrekkje nye innbyggjarar og styrkje l

Kva seier du til ti tusen for ei tomt?Bremanger kommune har ei rekke tomter ute for sal til minstepris. Fristen for å by...
07/10/2026

Kva seier du til ti tusen for ei tomt?

Bremanger kommune har ei rekke tomter ute for sal til minstepris. Fristen for å by er torsdag 15. oktober.

Felles for sala er at prisen er gunstig for den som vil kjøpe. Kommunen sel for minstepris. Minstepris betyr i dette tilfelle at prisen er heilt nede i 10 000 kroner for ei tomt. Ser ein dette i regionalt eller nasjonalt perspektiv, er prisen uvanleg låg.

Les meir på nettsida. godebremanger.no

Bremanger lokkar med bulyst 💙Bremanger kommune sin rekrutteringpakke har vore ein suksess. Tidlegare har vi skrive om at...
02/10/2026

Bremanger lokkar med bulyst 💙

Bremanger kommune sin rekrutteringpakke har vore ein suksess. Tidlegare har vi skrive om at over 40.000 unike brukarar har vore innom nettsida vår.

Det syner seg at stadig fleire ønskjer å bli betre kjend med kommunen vår, og resultata har byrja å kome. Søkjartala på ledige stillingar har auka, og innbyggjar- og tilflyttartala har òg byrja å kome på plussida. Dette er svært positivt! Vi vil kome nærare inn på dette i eit seinare innlegg.

Så, – for deg som ønskjer å flytte hit – gjer deg betre kjend med dei ulike bygdene og grendalaga i kommunen. Vi er svært stolte av mangfoldet i naturen og kulturen her. Velkomen skal du vere!

Les meir om rekrutteringspakken og meir på godebremanger.no Link i bio.

Butikken er viktig for utvikling i Leirgulen og Rugsund 🌿Therese Kolseth og mannen, som driv Leirgulen Handel, vil utvid...
25/09/2026

Butikken er viktig for utvikling i Leirgulen og Rugsund 🌿

Therese Kolseth og mannen, som driv Leirgulen Handel, vil utvide opningstidene og gjere butikken meir sjølvbetjent slik som på Davik og i Ålfoten.

Les meir om denne saka på nettsida. godebremanger.no

23/09/2026

Alle kan ha behov for litt Bremangertid.

Bylarm, fulle kalendrar og konstant støy? Noreg er fullt av travle kvardagar – men du har eit val.

I Bremanger byttar vi ut bystøy med pusterom. Her finn du ein heilt spesiell kombinasjon av fjord, fjell og ope hav. På under ein time kan du forflytte deg frå stupbratte fjell og fjordidyll i indre, til kystliv med hav og kvite strender i vest.

Det er dette vi kallar Bremangertid: Plassen og tida til å hente deg inn, kjenne på roa og finne ny inspirasjon.
Lengtar du etter ein kvardag med meir plass til livet? ✨

👉 Les meir om korleis det er å leve, virke og nyte her hjå oss på godebremanger.no (lenke i bio).

20/09/2026

No er det din tur 😅

Ja, hausten er her, men finevêret let visst vente på seg. Men, vi er optimistar, plutseleg kjem desse fantastiske fine haustadagane, med glimrande turvêr og flammande solnedgongar 🔥 Så, pass på, ver her og få med deg eit hausteventyr i Bremanger 🧡

Naturen i Bremanger lokkar, uansett årstid eller vêr! ☀️☁️🌧️
godebremanger.no

Hvis hjertet fekk velge 🌱Kontrastane mellom storbyen og landlivet kan vere stor. Vi har sett litt på utfordringane du ka...
16/09/2026

Hvis hjertet fekk velge 🌱

Kontrastane mellom storbyen og landlivet kan vere stor. Vi har sett litt på utfordringane du kan stå i, og kva val du har.

Storbylivet kan vere flott og spennande. Det er kanskje der du har tatt deg utdanning og fått din første jobb. Men å bu i by blir ofte dyrt, og av og til strevsamt – når reisetid til og frå jobb plutseleg tek meir tid enn du kan like. 🚋 🚗

Men, det er ei tid for alt. Ønskjer du ein meir romsleg økonomi, eller meir rom å boltre deg i? Bremanger har plass, og bustadprisane er betydeleg lågare her enn i byen. Det lønner seg å satse i Bremanger. Med rekrutteringspakken vår kan du få ein solid startpakke med på lasset.

Har planar om ta med deg jobben – klart du kan! Vi har næringshage med ledig kontorplass eller moglegheit for korttidsleige og drop-in.

Saman finn vi løysingar, så ta kontakt om du lurer på noko!

Sjå nærare på rekrutteringspakken:
• 200 000 i bustadtilskot.
• Gratis barnehage.
• Sletting av studiegjeld.
• Ekstra gode tilskot i kommunal jobb.
• Fritidskort for alle unge mellom 6 og 18 år

Sjå godebremanger.no



11/09/2026

Satsar du på oss, satsar vi på deg 💙

Klart vi kan! Bremanger satsar på deg som vil flytte hit. Lurer du på om Bremanger kan vere den rette staden, minner vi berre på rekrutteringspakken, som gjer det endå meir attraktivt å flytte hit og ta jobb her.

Har planar om ta med deg jobben hit, – klart du kan. Vi har næringshage med ledig kontorplass og moglegheit for korttidsleige og drop-in.

Saman finn vi løysingar, så ta kontakt om du lurer på noko!

Sjå nærare på rekrutteringspakken:▶🌱🥰
• 200 000 i bustadtilskot.
• Gratis barnehage.
• Sletting av studiegjeld.
• Ekstra gode tilskot i kommunal jobb.
• Fritidskort for alle unge mellom 6 og 18 år

Les meir på godebremanger.no

Davik – ei perle på sørsida av NordfjordBremanger består av mange grendelag, og lengst nord i kommunen finn du Davik. De...
07/09/2026

Davik – ei perle på sørsida av Nordfjord

Bremanger består av mange grendelag, og lengst nord i kommunen finn du Davik. Den vitale bygda har i dei seinaste åra bygd seg opp til å bli ei attraktiv turistbygd, der den ligg på sørsida av Nordfjord.

Bygda har omsorgsbustader og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Næringslivet er prega av små og mellomstore bedrifter, med eit sterkt tyngdepunkt innan havbruk, fiskeri, handverk og lokal tjenesteyting. Mange dagpendlar til kommunesenteret Svelgen eller handels- og tenestesenteret Nordfjordeid, som ligg kun 45 minutt unna.

Kan vi friste med gode Bremanger? 😎Vi har brukt nokre av dei få fine dagane i sommar til å fotografere frå bygdene rundt...
03/09/2026

Kan vi friste med gode Bremanger? 😎

Vi har brukt nokre av dei få fine dagane i sommar til å fotografere frå bygdene rundt om i Bremanger. Vi syner eit lite utval av bileta her. Vi håpar at du lar deg inspirere til å bli betre kjent med denne vakre kommunen – enten du allereie bur her frå før eller ser på Bremanger for aller første gong.

Om du skulle bli inspirert; – Vi hjelper deg igang med neste steg. Sats på oss, så satsar vi på deg! 💙

Sjå godebremanger.no og sjekk kva vi kan hjelpe deg med.

30/08/2026

Adresse

Granden 4
Svelgen

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Gode Bremanger legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del