Ulstein kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Ulstein kommune Lik sida vår og få med deg stort og smått frå Ulstein. Sjå også nettstaden vår www.ulstein.kommune.no JA, TAKK! Send oss gjerne spørsmål her. Kvifor?

ULSTEIN KOMMUNE SIN POLICY PÅ FACEBOOK
Velkomen til Ulstein kommune si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon frå kommunen og glimt frå Ulstein. All viktig informasjon frå Ulstein kommune finn du på nettsidene våre. Du treng ikkje å ha Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommunen. Sida vert administrert under kommunalsjef organisasjon og utvikling.
---------------------------------------------------------------------------------------

SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi svarer på førespurnader om kommunale tenester i arbeidstida (kl. 9-15), så snart vi har høve. Men vi ser helst at du ringer oss eller sender ein e-post. Saker som gjeld saksbehandling i kommunen melder du ikkje frå til oss om her, men til dømes i ein e-post. Kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane finn du på nettsidene våre.
----------------------------------------------------------------------------------------

SKRIV SAKLEG OG KORT
Ver sakleg i innhald og språk når du skriv innlegg her eller kommenterer på andre sine innlegg. Då vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar. Skriv du kort vil fleire lese det du skriv. Ver obs på at du ikkje deler personopplysningar.
----------------------------------------------------------------------------------------

VART INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?
Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heiar på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til. Facebook slettar innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan verte opplevd som krenkande. Fordi hatefulle ytringar og anna grums hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medium og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har dessutan 13 års aldersgrense. Kommunen si Facebook-side skal vere ein trygg og god stad å stikke innom aleine, også for barn på 13. Vi kan velje å slette feilinformasjon som vert spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medium står i mot villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar innlegg der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere kan også verte sletta. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester vert fjerna.
----------------------------------------------------------------------------------------

ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN VERTE BRUKT AV ANDRE
Din eigen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og huskar på personvernforordninga (GDPR). Når du følger, liker eller kommenterer ei Facebook-side, får Facebook tilgang til og kan bruke dei opplysningane og spora du legg igjen.
-------------------------------------------------------------------------------------------

Facebook sine retningslinjer og personvernerklæring
Ifølge Facebook sine retningslinjer betyr innstillinga «offentleg» at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knyte informasjonen til deg. I Facebook si personvernerklæring står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan verte sett eller verte gitt tilgang til gjennom søkemotorar på Internett, API’ar eller medium mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på for eksempel Ulstein kommune si Facebook-side, kan verte lest og brukt av andre.
-----------------------------------------
HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send spørsmål og kommentarar til [email protected].

SeniorTimen: Framtidsfullmakt og BankID Velkomen til SeniorTimen komande torsdag kl 12 på biblioteket! Denne gongen får ...
03/11/2026

SeniorTimen: Framtidsfullmakt og BankID

Velkomen til SeniorTimen komande torsdag kl 12 på biblioteket!
Denne gongen får vi besøk av banksjef Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre, som vil snakke om framtidsfullmakt og BankID. Dette er to viktige tema for oss.

Kven skal kunne hjelpe deg med økonomiske og personlege saker dersom du ein dag ikkje lenger er i stand til å gjere det sjølv? Ei framtidsfullmakt gir deg moglegheita til å bestemme dette på førehand. Ellen vil forklare kva ei framtidsfullmakt er, kvifor det kan vere lurt å opprette ei, og kva du bør tenkje gjennom før du gjer det.

BankID er nøkkelen til mange digitale tenester i kvardagen, frå nettbank til offentlege tenester. Men korleis fungerer det eigentleg, og korleis brukar du det på ein trygg måte? Du får nyttige råd om sikker bruk av BankID og kva du bør vere merksam på for å unngå svindelforsøk.

Dette blir ei nyttig samling med informasjon som kan gi både deg og dine næraste større tryggleik i kvardagen. Det blir også høve til å stille spørsmål.

Som vanleg serverer vi kaffi og har tid til ein hyggeleg prat.

Velkomen til SeniorTimen! 😊

Onsdag 4. november blir budsjett for 2027 og økonomiplan 2027-2030 presentert i Ulstein bibliotek. - Ei sterk velferdsko...
02/11/2026

Onsdag 4. november blir budsjett for 2027 og økonomiplan 2027-2030 presentert i Ulstein bibliotek.
- Ei sterk velferdskommune blir til i samspel med innbyggjarar, pårørande, frivillige og næringsliv, seier Jarl Martin Møller, og inviterer alle til biblioteket kl. 18-20.
Presentasjonen vert også strøyma.

📆Onsdag 4. november

⏱️18.00-20.00

📍Ulstein bibliotek

Onsdag 4. november legg kommunedirektør i Ulstein, Jarl Martin Møller, fram forslaget til budsjett og økonomiplan for Ulstein kommune.

Velkomen til SeniorSurf på biblioteket torsdag kl. 12! Førre gong sette vi ny deltakarrekord då Ole Terje heldt kurs om ...
26/10/2026

Velkomen til SeniorSurf på biblioteket torsdag kl. 12!

Førre gong sette vi ny deltakarrekord då Ole Terje heldt kurs om kunstig intelligens (KI). Det er tydeleg at interessa er stor, og det synest vi er veldig kjekt!

Denne torsdagen kjem Ole Terje tilbake med Kunstig intelligens - nivå 2.
Vi byggjer vidare på det vi lærte sist og utforskar fleire spennande moglegheiter med KI.
Har du ikkje vore med før eller kan lite om kunstig intelligens? Det går heilt fint! Du er hjarteleg velkomen uansett forkunnskapar, og det vil vere noko å lære for alle.

Vi har hatt litt utfordringar med lyden i rommet vi har brukt tidlegare.
Derfor flyttar vi denne gongen ut på scena på biblioteket, der vi kan nytte lydanlegget slik at alle høyrer godt.

Kom innom for ein hyggeleg og lærerik time saman med andre seniorar!

📅 Torsdag 29 oktober
🕛 Kl. 12.00
📍 Ulstein bibliotek

Vi gler oss til å sjå deg!

Merk: Denne torsdagen blir det ikkje Senior Stikk Innom. 😊

På SeniorTimen torsdag fekk vi besøk av kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol og helsesjukepleiar Ann-Iren Brautaset. Dei t...
26/10/2026

På SeniorTimen torsdag fekk vi besøk av kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol og helsesjukepleiar Ann-Iren Brautaset. Dei tok opp to viktige tema for helse og livskvalitet: vaksinasjon og alkoholvanar blant eldre.

23/10/2026
Kva gjer du ved eit langvarig bortfall av telefon- og internettkommunikasjon?Ulstein kommune kan då opprette eigne konta...
22/10/2026

Kva gjer du ved eit langvarig bortfall av telefon- og internettkommunikasjon?
Ulstein kommune kan då opprette eigne kontaktpunkt for innbyggjarar som har behov for hjelp eller viktig informasjon.
Les meir👇

Ved eit langvarig bortfall av telefon- og internettkommunikasjon kan det bli vanskeleg å få informasjon eller kontakte naudtenester på vanleg måte. Ulstein kommune kan då opprette eigne kontaktpunkt for innbyggjarar som har behov for hjelp eller viktig informasjon.

Korleis kan vi førebyggje utanforskap, radikalisering og kriminalitet blant barn og unge? Dette var hovudtema då SLT-sam...
22/10/2026

Korleis kan vi førebyggje utanforskap, radikalisering og kriminalitet blant barn og unge?
Dette var hovudtema då SLT-samarbeidet i Ulstein og Hareid samla ca 300 fagfolk, frivillige og samarbeidspartnarar til fagsamling på Sjøborg.
Les meir👇

Korleis kan vi førebyggje utanforskap, radikalisering og kriminalitet blant barn og unge? Dette var hovudtema då SLT-samarbeidet i Ulstein og Hareid samla ca 300 fagfolk, frivillige og samarbeidspartnarar til fagsamling på Sjøborg.

Har du litt tid – og lyst til å bety mykje for nokon? 💛Vi treng fleire støttekontaktar, og ønskjer oss spesielt vaksne, ...
22/10/2026

Har du litt tid – og lyst til å bety mykje for nokon? 💛
Vi treng fleire støttekontaktar, og ønskjer oss spesielt vaksne, trygge og stabile personar.
Som støttekontakt kan du bidra til gode opplevingar, aktivitet og fellesskap for ein annan – kanskje gjennom ein tur, ein kaffikopp, trening eller ei felles interesse.
👉 Har du nokre timar å gi og lyst på eit meiningsfullt oppdrag?
Meld di interesse – kanskje er det akkurat deg vi leitar etter!

Støttekontakt/fritidskontaktStøttekontakt/fritidskontakt er ei teneste til personar i alle aldrar som har behov for følgje til ulike fritidsaktivitetar. Det kan vere på grunn av nedsett funksjonsevne, alder eller sosiale årsaker. Ønsker du å vere støttekontakt, kan du melde deg i skjemaet un...

21/10/2026

Kva ville du gjort dersom straumen blei borte i fleire dagar?
Korleis klarer vi oss utan internett eller dersom ei krise råkar lokalsamfunnet?
Dette er nokre av spørsmåla vi set søkjelys på under årets Eigenberedskapsveke.
Møt opp på Ulstein bibliotek tysdag 27. oktober kl. 18.00.

21/10/2026

Bli med på Eigenberedskapsveka 2026.
Tysdag 27. oktober kl. 18.00 er det samling i Ulstein bibliotek.
Kva ville du gjort dersom straumen blei borte i fleire dagar? Korleis klarer vi oss utan internett eller dersom ei krise råkar lokalsamfunnet? Dette er nokre av spørsmåla vi set søkjelys på under årets Eigenberedskapsveke.

Adresse

Sjøgata 63
Ulsteinvik
6065

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ulstein kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ulstein kommune:

Snarveier

Del


Andre offentlige tjenester i Ulsteinvik

Vis Alle