Hjelmeland Naturlegvis

  • Home
  • Hjelmeland Naturlegvis
Call Directions Website Contact the organization

Hjelmeland Naturlegvis Me tipsar om det som skjer og det du kan finna i Hjelmeland!
(1)

Sjekk ut kinoprogrammet for neste helg folkens! 🥳🥳Sundag 15. november viser Kulturprodusentane desse to filmane: 𝗝𝘂𝗹𝗲𝗻𝗶𝘀...
04/11/2026

Sjekk ut kinoprogrammet for neste helg folkens! 🥳🥳

Sundag 15. november viser Kulturprodusentane desse to filmane:
𝗝𝘂𝗹𝗲𝗻𝗶𝘀𝘀𝗲𝗻𝘀 𝘃𝗲𝗿𝗸𝘀𝘁𝗲𝗱, 𝗸𝗹. 𝟭𝟳 - 𝘁𝗶𝗹𝗹𝗮𝘁 𝗳𝗼𝗿 𝗮𝗹𝗹𝗲
Då ni år gamle Mari ei natt vaknar og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein gjengløymt nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein meget skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finna julenissen, mens votten sin eigar, nissen sin lille hjelpar Stompen, gjer alt han kan for å stoppa dei. For Julenissens verksted kan nemleg ikkje bli oppdaga, det vil vere katastrofe!

𝗠𝗮𝗿𝗸𝗲𝗻𝘀 𝗴𝗿ø𝗱𝗲, 𝗸𝗹. 𝟭𝟵 - 𝟭𝟮 𝗮̊𝗿𝘀 𝗮𝗹𝗱𝗲𝗿𝘀𝗴𝗿𝗲𝗻𝘀𝗲
Hans Petter Moland bringer Knut Hamsuns udødelege mesterverk til det store lerretet i Hjelmeland (også!).
Det er sein haust. Isak kjempar for å overleve i villmarka. Over fjellet dukker ein dag Inger opp. Ut av eit møte i naud veks kjærleiken. I nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skapa eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft bygger dei garden Sellanraa opp frå ingenting. Når ein mørk hemmelegheit kjem til overflata, blir kjærleiken satt på prøve.

PS! Om du vil låne boka har dei den i Ryfylkebiblioteket Hjelmeland, både som bok og som lydbok.

Helga i Hjelmeland 😎𝗙𝗿𝗲𝗱𝗮𝗴 𝟲. 𝗻𝗼𝘃𝗲𝗺𝗯𝗲𝗿𝗚𝗶𝘁𝗮𝗿𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗔𝗿𝗻𝗲, 𝗦𝗽𝗶𝗻𝗻𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁 𝗸𝗹. 𝟭𝟵.𝟯𝟬Konserten er ein personleg og musikalsk hyll...
03/11/2026

Helga i Hjelmeland 😎

𝗙𝗿𝗲𝗱𝗮𝗴 𝟲. 𝗻𝗼𝘃𝗲𝗺𝗯𝗲𝗿
𝗚𝗶𝘁𝗮𝗿𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗔𝗿𝗻𝗲, 𝗦𝗽𝗶𝗻𝗻𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁 𝗸𝗹. 𝟭𝟵.𝟯𝟬
Konserten er ein personleg og musikalsk hyllest - til Arne Bendiksen, til ein gitar med historie i kvar fber, og til musikaren som nå lar den klinge vidare. Ein kveld for alle som elskar norsk musikkarv, jazz og sterke historier formidla gjennom lyd. Billett får du kjøpt på hjelmeland . hoopla . no

𝗟𝗮𝘂𝗿𝗱𝗮𝗴 𝟳. 𝗻𝗼𝘃𝗲𝗺𝗯𝗲𝗿
𝗛𝗮𝘂𝘀𝘁𝗯𝗮𝘀𝗮𝗿, 𝗝ø𝘀𝗲𝗻𝗳𝗷𝗼𝗿𝗱𝗲𝗻 𝗯𝗲𝗱𝗲𝗵𝘂𝘀 𝗸𝗹. 𝟭𝟯
Servering av lammekebab, kaffi og kaffimat. Loddsal. Andakt. Gratis inngang.

𝗔𝗹𝗹𝗲𝗵𝗲𝗹𝗴𝗲𝗻𝘀𝗸𝗼𝗻𝘀𝗲𝗿𝘁𝘁𝘂𝗿𝗻𝗲, 𝗦𝗽𝗶𝗻𝗻𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁 𝗸𝗹. 𝟭𝟱
Opplev klassisk musikk av høg kunstnarisk kvalitet ved Astrid Kallenbach Gustavson med fleire! Les meir på heimesida til kommmunen.

𝗞𝘂𝗻𝘀𝘁𝘂𝘁𝘀𝘁𝗶𝗹𝗹𝗶𝗻𝗴, 𝗦𝗽𝗶𝗻𝗻𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁 𝗸𝗹. 𝟭𝟲.𝟯𝟬
Utstillinga er eit samarbeid med Astrid Kallenbach Gustavsen, Jonny Krucow Heng og Hjelmeland kunstlag.

𝗦𝗸𝘆𝗴𝗴𝗲𝗯𝗿𝗼𝗿, 𝗟ø𝗮 𝗶 𝗧ø𝗻𝗻𝗲𝘃𝗶𝗸 𝗸𝗹. 𝟮𝟬
Skyggebror har røter i Ryfylke, Sandnes, Finnmark og Sola og består av erfarne musikarar. Musikken er bygd kring tekstane til Østen Vige Bergøy, og har det eine beinet planta i fest og basar og det andre i melankolien. I musikken kombinerer Skyggebror element frå jazz og rock og hentar inspirasjon frå mellom anna Nick Cave, Svein Tang Wa og The War on Drugs. Billett får du tak i på Løa i Tønnevik si heimeside.

𝗦𝘂𝗻𝗱𝗮𝗴 𝟴. 𝗻𝗼𝘃𝗲𝗺𝗯𝗲𝗿
𝗦ø𝗻𝗱𝗮𝗴𝘀𝘀𝗸𝘂𝗹𝗲, 𝗔𝘀𝗸𝘃𝗶𝗸 𝗯𝗲𝗱𝗲𝗵𝘂𝘀 𝗸𝗹. 𝟭𝟭
Velkommen til søndagsskule i Askvik! Me blir kjent med Jesus og fortellingar frå Bibelen, syng songar og har ein aktivitet. Passar frå 4 år og oppover.

Løa i Tønnevik - rom for tanke, takt og tone.
Hjelmeland kommune
Hjelmeland kunstlag

Mykje kjekt som skjer i helga, har du fått med deg alt? (Eller har me fått med oss alt..?) 😅𝗙𝗿𝗲𝗱𝗮𝗴 𝟯𝟬. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿 𝗝𝘂𝗯𝗶𝗹𝗲𝘂𝗺𝘀...
30/10/2026

Mykje kjekt som skjer i helga, har du fått med deg alt? (Eller har me fått med oss alt..?) 😅

𝗙𝗿𝗲𝗱𝗮𝗴 𝟯𝟬. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿
𝗝𝘂𝗯𝗶𝗹𝗲𝘂𝗺𝘀𝗳𝗲𝘀𝘁: 𝗔𝘁𝘁𝗲𝗻𝗱𝗲 𝘁𝗶𝗹 𝟵𝟬-𝘁𝗮𝗹𝗲𝘁 𝗸𝗹. 𝟭𝟴.𝟬𝟬, 𝗙𝗷𝗼𝗿𝗱𝗮𝗵𝘂𝘀𝗲𝘁 𝗝ø𝘀𝗲𝗻𝗳𝗷𝗼𝗿𝗱𝗲𝗻
Bli med på 30års fest for Fjordahuset! Servering av biff stroganoff, bilete og video frå 90-talet, solosong og barnekor, historieforeljing og mykje meir!

𝗛𝗲𝗿𝗯𝗼𝗿𝗴 𝗞𝗿𝗮̊𝗸𝗲𝘃𝗶𝗸 𝗧𝗿𝗶𝗼 𝗸𝗹. 𝟭𝟵.𝟬𝟬, 𝗛𝗷𝗲𝗹𝗺𝗲𝗹𝗮𝗻𝗱 𝘀𝗮𝗺𝗳𝘂𝗻𝗻𝘀𝗵𝘂𝘀
Opplev Herborg Kråkevik Trio når songskatten vår blir formidla med fornyande musikalske arrangement, krydra med spanande forteljingar frå kulturarven vår. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!

𝗟𝗮𝘂𝗿𝗱𝗮𝗴 𝟯𝟭. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿
𝗣𝗼𝗽-𝘂𝗽 𝗸𝗮𝗳𝗲́ 𝗸𝗹. 𝟭𝟭-𝟭𝟯, 𝗦𝗽𝗶𝗻𝗻𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁
Pop-up kafé med deilig bakverk og rykande fersk baristakaffi. Her blir det også ei kunstutstilling.

𝗢𝗽𝗻𝗶𝗻𝗴 𝗮𝘃 𝗴𝗮𝗿𝗱𝘀𝘂𝘁𝘀𝗮𝗹 𝗸𝗹. 𝟭𝟱-𝟭𝟳, 𝗦𝗶𝗲 𝗴𝗮𝗿𝗱 𝗶 𝗔̊𝗿𝗱𝗮𝗹
Sie gard inviterer alle til opninga av det nye mathuset på garden! Ordførar Anita Husøy Riskedal opnar og kastar g***s over dagen, medan eigarane Lise og Sølve bidreg med smaksprøvar, omvisning og drøs. Adresse: Kyrkjevegen 181, 4137 Årdal i Ryfylke. Velkommen til gards! Foto: Ingrid Førre.

𝗛𝗮𝗹𝗹𝗼𝘃𝗲𝗻𝗻 𝗽𝗮̊ 𝗔̊𝗿𝗱𝗮𝗹 𝘀𝗸𝘂𝗹𝗲 𝗸𝗹. 𝟭𝟲-𝟭𝟳.𝟯𝟬
Kle deg ut og bli med på kjekke leiker og aktiviteter for barn! 50 kroner per person / 200 kroner for familie. Masker og våpen er ikkje tillatt.

𝗦𝘂𝗻𝗱𝗮𝗴 𝟭. 𝗻𝗼𝘃𝗲𝗺𝗯𝗲𝗿
𝗨𝘁𝘀𝘁𝗶𝗹𝗹𝗶𝗻𝗴 𝗧𝗲𝗶𝗸𝗻𝗲𝗹ø𝗮 𝗸𝗹. 𝟭𝟱.𝟯𝟬-𝟭𝟳.𝟯𝟬, 𝗙𝗶𝘀𝘁𝗲𝗿
Velkommen til salsutstilling i løa til Hilde Thomsen på Fister. Nysteikte boller frå Timmermanns bakeri (gje ein lyd til Hilde om kor mange du vil ha). Kaffi såklart og teikning av Fisterfuglar for barn. Sal av kalender 2027, husdyrplakatar, prints og arkiver med redaksjonelle teiknigar.

𝗩𝗲𝗴𝗲𝗻 𝘀𝗼𝗺 𝘃𝗮𝗿𝘁 𝗺𝗶𝗻 𝗸𝗹. 𝟭𝟳.𝟬𝟬, 𝗘𝗽𝗹𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁 𝗛𝗲𝗹𝗴ø𝘆
Ein sjølvbiograf basert på boka "Slik vart vegen min" av Oddgeir Brauset. Han fortel om mange spenstige historiar frå åra i NRK som aktiv journalist og historiar frå programma sine. Påmelding på sms til 41928153 (250 kroner for billett).

Sie gard har bygd eit mathus på garden sin og laurdag 31. oktober klokka 15-17 kan du vere med på opninga! 🎉Det er ordfø...
28/10/2026

Sie gard har bygd eit mathus på garden sin og laurdag 31. oktober klokka 15-17 kan du vere med på opninga! 🎉

Det er ordførar Anita Husøy Riskedal som står for den offisielle opninga og g***sen denne dagen. Du vil få smaksprøvar, omvisning og drøs saman med Lise og Sølve som eig garden.

📍Adresse for dagen er Kyrkjevegen 181, 4137 Årdal i Ryfylke

Velkommen til gards!

Foto: Ingrid Førre

I dag er det kino på Hjelmeland samfunnshus🍿🎥🥤🍬𝗠𝘆𝘀𝘁𝗲𝗿𝗶𝗲𝗽𝗮𝗸𝗸𝗲𝗻 𝗸𝗹𝗼𝗸𝗸𝗮 𝟭𝟳.𝟬𝟬 - 𝘁𝗶𝗹𝗹𝗮𝘁𝘁 𝗳𝗼𝗿 𝗮𝗹𝗹𝗲Ein familie har fått ein my...
18/10/2026

I dag er det kino på Hjelmeland samfunnshus🍿🎥🥤🍬

𝗠𝘆𝘀𝘁𝗲𝗿𝗶𝗲𝗽𝗮𝗸𝗸𝗲𝗻 𝗸𝗹𝗼𝗸𝗸𝗮 𝟭𝟳.𝟬𝟬 - 𝘁𝗶𝗹𝗹𝗮𝘁𝘁 𝗳𝗼𝗿 𝗮𝗹𝗹𝗲
Ein familie har fått ein mystisk pakke på døra kvar jul i 22 år. Avsendar? Ukjent. Historien bak filmen er like gåtefull som den er sann. Regissør Silje Evensmo Jacobsen sin film tek utgangspunkt i eit ekte og lokalt forankra mysterium. Kvart år mottek to søsken og deira familie ein anonym pakke sendt frå Arendal. Avsenderen er ukjent, og undringen veks i takt med åra. Når barna bestemmer seg for å finna ut kven som står bak, utviklar det seg til ei engasjerande og rørande fortelling om familie, det å høyre til og betydningen av små handlingar som sett spor.

𝗣𝗲𝗻𝘀𝗷𝗼𝗻𝗶𝘀𝘁𝗸𝘂𝗽𝗽𝗲𝘁 𝗸𝗹𝗼𝗸𝗸𝗮 𝟭𝟵.𝟬𝟬 - 𝟵 𝗮̊𝗿𝘀 𝗮𝗹𝗱𝗲𝗿𝘀𝗴𝗿𝗲𝗻𝘀𝗲
Etter 40 år som lojal heimeverande kone, får Annema sparken - til fordel for ein yngre modell. Saman med karrierekvinna Nina, som går ut på dato for arbeidslivet, og rebellen Mona, bestemmer trioen seg for å pensjonera seg frå lovlydnaden. Dei planlegg eit umogleg kupp: å rana sjølvaste Oljefondet. Ein ellevill komedie om ein høgst uventa førtidspensjon.

Kulturprodusentane

Velkommen til søndagsskule i Askvik bedehus sundag 18. oktober klokka 11-12! Her blir du kjent med Jesus og fortellingar...
14/10/2026

Velkommen til søndagsskule i Askvik bedehus sundag 18. oktober klokka 11-12! Her blir du kjent med Jesus og fortellingar frå Bibelen, syng songar og har ein aktivitet. Passar frå 4 år og oppover.

Har du ting og tang, klede eller anna som berre ligg og tek opp plass som kanskje nokon andre kan få nytte av? Bli med p...
13/10/2026

Har du ting og tang, klede eller anna som berre ligg og tek opp plass som kanskje nokon andre kan få nytte av?

Bli med på baklukemarknad i Årdal førstkommande laurdag, 17. oktober, klokka 12-14.

Kva skjer i helga? 🤩Opplev Ryfylkeutstillinga i Spinneriet laurdag 10. og sundag 11. oktober kl. 14-16. Denne gang er de...
08/10/2026

Kva skjer i helga? 🤩

Opplev Ryfylkeutstillinga i Spinneriet laurdag 10. og sundag 11. oktober kl. 14-16. Denne gang er det Ellen Kalvig som er gjesteutstillar.

Løa i Tønnevik inviterer laurdag 10. oktober til konsert med Bjørn Berge som tolkar Morphine i sitt nye album. Dørene opna kl. 18, konserten startar kl. 19.

På Randøy kan du vere med på frisbeegolfturnering sundag 11. oktober kl. 13.30 på idrettsplassen ved Randøy grendahus.

Løa i Tønnevik - rom for tanke, takt og tone.
Ryfylke Kunstlag

Ledige stillingar i Hjelmeland akkurat no🍁𝗗𝗿𝗶𝗳𝘁𝘀𝘁𝗲𝗸𝗻𝗶𝗸𝗮𝗿, 𝗠𝗢𝗪𝗜Bli ein del av verdas største matselskap! MOWI Sør søker e...
05/10/2026

Ledige stillingar i Hjelmeland akkurat no🍁

𝗗𝗿𝗶𝗳𝘁𝘀𝘁𝗲𝗸𝗻𝗶𝗸𝗮𝗿, 𝗠𝗢𝗪𝗜
Bli ein del av verdas største matselskap! MOWI Sør søker etter driftsteknikar til servicebåten/Årdalsbuen i PO2 med base på Vighedlå. Søknadsfrist er 25. oktober 2026.

𝗞𝗷ø𝗸𝗸𝗲𝗻𝗮𝗻𝘀𝘃𝗮𝗿𝗹𝗲𝗴 𝗼𝗴 𝗮𝗹𝗹𝘀𝗶𝗱𝗶𝗴 𝗺𝗲𝗱𝗮𝗿𝗯𝗲𝗶𝗱𝗮𝗿, 𝗘𝗽𝗹𝗲𝗿𝗶𝗲𝘁
Vil du ta ansvar på kjøkkenet og vere med og utvikle Epleriet på Helgøy vidare? Her er det god driv, store planar og mykje uforløyst potensiale! Søknadsfrist er snarast.

𝗗𝗿𝗶𝗳𝘁𝘀𝘁𝗲𝗸𝗻𝗶𝗸𝗮𝗿𝗮𝗿 𝘀𝗲𝘁𝘁𝗲𝗳𝗶𝘀𝗸, 𝗔̊𝗿𝗱𝗮𝗹 𝗮𝗾𝘂𝗮
Vil du arbeide i framtida si næring? Som driftsteknikar får du ein variert og praktisk arbeidskvardag tett på fisken, der god fiskevelferd, biologisk produksjon og teknisk drift står sentralt. Søknadsfrist er 20. oktober 2026.

𝗕𝗮𝗿𝗻𝗲- 𝗼𝗴 𝘂𝗻𝗴𝗱𝗼𝗺𝘀𝗮𝗿𝗯𝗲𝗶𝗱𝗮𝗿, 𝗙𝗶𝘀𝘁𝗲𝗿 𝗯𝗮𝗿𝗻𝗲𝗵𝗮𝗴𝗲
Vil du gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt dag? Fister barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 1. januar 2027 til 31. juli 2027. Søknadsfrist er 18. oktober 2026.

𝗟𝗲𝗶𝘀𝘁𝗮𝗱𝗺𝗲𝗱𝗮𝗿𝗯𝗲𝗶𝗱𝗮𝗿, 𝗙𝘂𝗿𝘂𝘁𝗮𝗻𝗴𝗲𝗻
Furutangen leirstad søker etter fleire dedikerte medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere vask og utvask av rom og bad, tilberede og servere mat på storkjøkken, betening av resepsjon og rettleiing av gjester ved leirstaden, inn- og utsjekk av rom, hytter, leiligheiter og glamping med meir. Søknadsfrist er snarast.

I morgon, laurdag 26. september, kan du besøka pop-up kaféen i Spinneriet mellom klokka 11-13. Her kan du kjøpe deg fers...
25/09/2026

I morgon, laurdag 26. september, kan du besøka pop-up kaféen i Spinneriet mellom klokka 11-13.

Her kan du kjøpe deg ferskt bakverk og ein rykande fersk "bykaffi" 🤩
Du kan også oppleve kunstutstillinga av Fargeklatten Elisabeth Thomassen

Velkommen! 🤗

𝗞𝗮𝗳𝗲́𝗲𝗻 𝗲𝗿 𝗮𝗿𝗿𝗮𝗻𝗴𝗲𝗿𝘁 𝘀𝗮𝗺𝗮𝗻 𝗺𝗲𝗱
Timmermanns bakeri og landhandel
Årdal - Ryfylke bakeri og konditori
Hjelmeland Bygdekvinnelag
Fargeklatten Elisabeth Thomassen
Rogaland fylkeskommune

Address


Opening Hours

Monday 10:00 - 15:30
Tuesday 10:00 - 15:30
Wednesday 10:00 - 15:30
Thursday 10:00 - 15:30
Friday 10:00 - 15:30

Telephone

+4751750000

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Hjelmeland Naturlegvis posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Organization

Send a message to Hjelmeland Naturlegvis:

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed government service?

Share