Setesdal regionråd

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Setesdal regionråd Alt vi gjer er mynta på at det skal være godt å bu og drive verksemd i Setesdal.

Eit interkommunalt samrbeid for kommuane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes. Arbeider med næringsutvikling, interkommunale samarbeid, infrastruktur og kompetanse.

«📍Korleis kan RV9 bidra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping?Kva trur du? Kva skal til for at fleire stoppar, ...
13/10/2026

«📍Korleis kan RV9 bidra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping?
Kva trur du? Kva skal til for at fleire stoppar, opplever, investerer og skaper verdiar langs vegen gjennom Setesdal? Dette er eitt av spørsmåla vi tek opp på Setesdalskonferansen 2026»

PROGRAM KJEM Påmelding Me sjåast snart!   Konferansen er ein viktig møteplass som skal bidra til inspirasjon, læring og styrke til nettverksbyggjing og samarbeid. Konferansen samlar næringslivsleiarar og andre avgjerdstakarar i regionen vår, og set søkjelyset på aktuelle tema. For overnatti...

I dag klokka 12.00 er siste frist for å nominere til Setesdalsprisen 2026 🏆
13/10/2026

I dag klokka 12.00 er siste frist for å nominere til Setesdalsprisen 2026 🏆

Setesdalsprisen gis til ein person eller ei verksemd som over tid har bidrege til verdiskaping og positive ringverknadar i regionen vår. Altså til ei verksemd, eller ein person som bidrar til vekst og utvikling, og som er viktig for regionen som eit

Å skape vekst og arbeidsplassar skjer ikkje av seg sjølv. Det krev folk som vågar å tenkje stort, satse og investere.Dif...
08/10/2026

Å skape vekst og arbeidsplassar skjer ikkje av seg sjølv. Det krev folk som vågar å tenkje stort, satse og investere.
Difor er vi glade for å kunne ønskje Stig Ubostad velkomen til Setesdalskonferansen 2026

👇Påmelding finn du her 👇

Dei siste saumane blir no sydde i programmet for Setesdalskonferansen 2026, men vi kan allereie no friste med eitt av årets spennande namn - Stig Ubostad!

"Må vi alltid byggje nytt for å skape noko unikt?
Kva om nokre av dei største moglegheitene våre innan reiseliv allereie finst rett framfor oss? Med erfaringar frå South Cape Collection og Under deler Stig Ubostad tankar om korleis vi kan løfte fram, knyte saman og selje det vi allereie har, og korleis nye perspektiv, samarbeid og ambisjonar kan gjere lokale kvalitetar til opplevingar i verdsklasse."

📅 Påmeldinga er open, og det endelege programmet kjem snart!
https://setesdalskonferansen.no/

Foto: Jacob J. Buchard

06/10/2026
🏆 Setesdalsprisen 2026 - har du aktuelle kandidatar å fremje? 🏆Send inn forslag til post@setesdal.no innan tirsdag 13. o...
22/09/2026

🏆 Setesdalsprisen 2026 - har du aktuelle kandidatar å fremje? 🏆

Send inn forslag til [email protected] innan tirsdag 13. oktober kl 12.00. Prisen vert delt ut under årets Setesdalskonferansen torsdag 5. november på Hovdestøylen.

Korleis byggjer vi eit næringsliv som står støtt i urolege tider, har rom til å satse og kraft til å skape vekst? 🌱Setes...
18/09/2026

Korleis byggjer vi eit næringsliv som står støtt i urolege tider, har rom til å satse og kraft til å skape vekst? 🌱

Setesdalskonferansen 2026 tek opp nettopp desse spørsmåla. Programmet er framleis i sluttfasen, men vi kan allereie love aktuelle tema, spennande innleiarar og gode samtalar om beredskap, investeringar, verdiskaping og framtidsmoglegheiter i Setesdal.

Klikk deg inn på lenka for å lese meir om årets konferanse, og få ein smakebit på noko av innhaldet som ventar. Påmeldinga er open, så sikra deg plass allereie no.

Vi gler oss til å samle næringsliv, kommunar og andre som er opptekne av arbeidsplassar, vekst og utvikling i Setesdal 🤩

Korleis byggjer vi eit næringsliv som står støtt i urolege tider, har handlingsrom til å satse og kraft til å skape vekst? Vi er no i sluttfasen med programmet for Setesdalskonferansen 2026, og kan snart presentere det endelege innhaldet. Allereie no kan

Langeidsverdet er avduka! 😃👏I dag vart den imponerande kopien av viking­sverdet frå Langeid avduka under ei høgtideleg m...
11/09/2026

Langeidsverdet er avduka! 😃👏

I dag vart den imponerande kopien av viking­sverdet frå Langeid avduka under ei høgtideleg markering i Bygland og dei fremmøtte skapte ei flott ramme rundt dagen.

Ordførar Runar Flåt Granheim og fylkesordførar Arne Thomassen understreka kor viktig kulturarv er som kraft for utvikling og stoltheit over historia vår.
Ass. direktør ved Kulturhistorisk museum, Karl Kallhovd, delte innsikt om sverdet si rolle i overgangen mellom norrøn og kristen tid.

Bygland kommune er allereie godt i gang med å utvikle samarbeidet med Kallhovd og museet, og interessa for vikingtida er stor.

Regionrådet gratulerer og ser fram til det vidare arbeidet med å løfte fram historia som engasjerer både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

📅 Det nærmar seg Setesdalskonferansen 2026 med stormskritt!Me er no i sluttfasen med den siste finpussen på årets progra...
20/08/2026

📅 Det nærmar seg Setesdalskonferansen 2026 med stormskritt!

Me er no i sluttfasen med den siste finpussen på årets program, der robustheit, handlingsrom og vekst står sentralt. Snart opnar me både for påmelding, og deler det endelege programmet.
Me ser fram til å samle privat næringsliv, offentlege instansar, organisasjonar, samfunnsaktørar og andre beslutningstakarar til ein dag der me set søkjelyset på moglegheitene i Setesdal og kva som krevst for å realisere dei.

Hugs å halde av torsdag 5. november. Me gler oss til å dele meir informasjon med dykk snart. Følg med! 👀🙌

I dag har Setesdal regionråd hatt eit godt møte med Agderbenken på Hovden.Saman med reiselivs- og næringsaktørar fekk st...
17/08/2026

I dag har Setesdal regionråd hatt eit godt møte med Agderbenken på Hovden.

Saman med reiselivs- og næringsaktørar fekk stortingsrepresentantane høre kor viktig reiselivet er for arbeidsplassar og aktivitet i Setesdalsregionen.

Dei fekk òg høyre om Nasjonal turistveg, besøkje Hovden Fjellbad og lære meir om prosjektet Bygg Bygland.

Seinare på dagen sette vi søkjelys på nokre av dei andre sakene regionen arbeider med : konsesjonskraft og kraftinntekter, villrein og arealforvaltning, den levande kulturarven vår og moglegheitene som ligg i vidare forsvarssatsing på Evjemoen og Geiskelid.

Takk til Agderbenken for gode samtalar, gode spørsmål og engasjementet for Setesdalsregionen.

Vi ser fram til å halde fram dialogen om saker som er viktige for folk, næringsliv og kommunar i regionen.

Takk for at de la møtet til Setesdalsregionen, og velkomen tilbake!

Adresse

Valle
4747

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Setesdal regionråd legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Setesdal regionråd:

Snarveier

Del