Vestnes kommune

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Vestnes kommune Velkommen til Vestnes kommune sin offisielle Facebook-side. For formelle førespurnader, bruk e-post: [email protected]

Vi treng framleis fleire bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 18. oktober! Som bøsseberar går du frå dør til dør i to tim...
15/10/2026

Vi treng framleis fleire bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 18. oktober!

Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar og samlar inn pengar til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Vi manglar bøsseberarar i fleire bygdelag:
🔹 Hjelvika/Vågstranda – 8 roder
🔹 Tomrefjord – 5 roder
🔹 Øverås/Nerås – 4 roder
🔹 Daugstad – 3 roder
🔹 Fiksdal – 3 roder
🔹 Rekdal – 3 roder
🔹 Vikebukt – 2 roder
🔹 Tresfjord – 4 roder

🙋 Vil du ta ei rode?
Ring eller send ein SMS til 974 84 478, eller meld deg via lenka!

TV-aksjonen trenger deg som bøssebærer søndag 18. oktober. Registrer deg her

🕊 Årets TV-aksjon går til NRC – Flyktninghjelpen💙 For kvar dør du bankar på, vil fleire få hjelp!Vi manglar bøssebærarar...
14/10/2026

🕊 Årets TV-aksjon går til NRC – Flyktninghjelpen

💙 For kvar dør du bankar på, vil fleire få hjelp!

Vi manglar bøssebærarar i alle bygdelag.

📅 Søndag kl. 16–18

👉 Meld deg som bøssebærar i dag – vi treng deg!
Send sms til 974 84 478 eller meld deg på tvaksjonen.no

For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing til minne om ordførar Randi Bergundhaugen, er kondolanseprotokollen tilgje...
12/10/2026

For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing til minne om ordførar Randi Bergundhaugen, er kondolanseprotokollen tilgjengeleg på rådhuset alle kvardagar frå kl. 07:00 til 16:00.

Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg til og med gravferdsdagen fredag 23. oktober.

Vår kjære ordførar Randi Bergundhaugen gjekk bort i dag, 09.10.2026. Ho har betydd mykje for Vestnes-samfunnet og for os...
09/10/2026

Vår kjære ordførar Randi Bergundhaugen gjekk bort i dag, 09.10.2026.

Ho har betydd mykje for Vestnes-samfunnet og for oss i Vestnes kommune. Som ordførar har ho vore ei kraftfull stemme og representert Vestnes med stort engasjement.

Vi er takksame for innsatsen hennar for kommunen vår og vil minnast henne med stor respekt og varme. Ho vil bli hugsa både for arbeidet ho har lagt ned for Vestnes og for den ho var som menneske.

For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing, er kondolanseprotokollen tilgjengeleg på rådhuset alle kvardagar frå kl. 07:00 til 16:00, til og med gravferdsdagen fredag 23. oktober.

Våre tankar og medkjensle går til ordførar Randi sin familie og vener i sorga.

🧡 Vil du vere med og gi håp til menneske på flukt?Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som skal hjelpe menneske...
05/10/2026

🧡 Vil du vere med og gi håp til menneske på flukt?

Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som skal hjelpe menneske på flukt med ein tryggare stad å bu og håp om ei betre framtid.

I Vestnes treng vi bøsseberarar til årets viktigaste søndagstur 18. oktober. Du treng ikkje erfaring, berre vilje til å bidra.

Les meir og meld deg på gjennom lenkja i kommentarfeltet. 👇

Har du planer om eit nytt anlegg eller eit tiltak innan idrett, friluftsliv eller kultur?Da bør du melde inn prosjekt ti...
05/10/2026

Har du planer om eit nytt anlegg eller eit tiltak innan idrett, friluftsliv eller kultur?

Da bør du melde inn prosjekt til den kulturpolitiske temaplanen for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg!

✅ Innmelding er nødvendig for å kunne søkje om statlege spelemidlar.
📅 Frist: 14. oktober 2026

Les meir gjennom lenkja i kommentarfeltet.

⏰ Vi minner om at fristen for å melde interesse til ungdomsrådet er fredag 2. oktober!Ungdomsrådet er ungdommane si stem...
01/10/2026

⏰ Vi minner om at fristen for å melde interesse til ungdomsrådet er fredag 2. oktober!

Ungdomsrådet er ungdommane si stemme i kommunen og uttaler seg på vegner av unge i saker som gjeld dei. No skal det veljast nytt ungdomsråd, og vi oppmodar engasjerte ungdomar til å melde interesse.

👉 Les meir og meld interesse gjennom lenkja i kommentarfeltet.

Vil du vere ungdommane si stemme i Vestnes kommune? 🙌No skal det veljast nytt ungdomsråd! Vi leitar etter ungdom som vil...
23/09/2026

Vil du vere ungdommane si stemme i Vestnes kommune? 🙌

No skal det veljast nytt ungdomsråd! Vi leitar etter ungdom som vil engasjere seg og vere med på å løfte fram det som er viktig for unge i Vestnes.

👉 Les meir og meld interesse i lenka under.
📅 Frist: 2. oktober.

Det skal veljast nytt ungdomsråd i Vestnes kommune.

Har du ein bustad du vil leige ut?Vestnes kommune treng fleire utleigebustader til flyktningar. Les meir på nettsida vår...
18/09/2026

Har du ein bustad du vil leige ut?

Vestnes kommune treng fleire utleigebustader til flyktningar. Les meir på nettsida vår.

Vestnes kommune har behov for fleire utleigebustader til flyktningar

Bli med på felles vising av Pårørendekonferansen på Vestnes bibliotek 23. september! 💛Pårørendekonferansen er ein nasjon...
18/09/2026

Bli med på felles vising av Pårørendekonferansen på Vestnes bibliotek 23. september! 💛

Pårørendekonferansen er ein nasjonal konferanse for pårørande, fagpersonar og andre som ønskjer meir kunnskap om pårøranderolla og samspelet mellom pårørande, tenester og samfunn.

Årets konferanse har tittelen «Når ansvar møter motstand» og utforskar korleis vi kan finne gode løysingar saman i møte med eit velferdssystem under press. Konferansen blir leia av Else Kåss Furuseth og Unni Birkeland.

📅 23. september kl. 10.00–14.30
📍 Vestnes bibliotek

Arrangementet er gratis og ope for alle. Les meir via lenkja i kommentarfeltet. 👇

Adresse

Brugata 10
Vestnes
6390

Åpningstider

Mandag 12:00 - 14:00
Tirsdag 12:00 - 14:00
Onsdag 12:00 - 14:00
Torsdag 12:00 - 14:00
Fredag 12:00 - 14:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vestnes kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vestnes kommune:

Snarveier

Del