05/10/2026
Denne veka er den internasjonale Forbodne bøker-veka.
Overalt i verda og til alle tider har det vore ulike former for sensur. Styresmakter, interessegrupper, religiøse, kulturelle og sosiale rørsler har sensurert eller prøvd å fjerne bøker eller boksamlingar frå det offentlege rommet. Ytringsfridomen er stadig under press, og litteratur vert forboden og undertrykt også i dag, jamvel i demokratiske samfunn.
I år har vi valt å stille ut barne-, ungdom- og vaksenbøker som er forbode ved ulike bibliotek i USA. Mange av bøkene vil nok overraske, dette er bøker som mange i Noreg har lest og som det er sjølvsagt at biblioteka skal ha i samlinga si.
Vi er ikkje skåna for sensur i Noreg heller. Som bibliotektilsette har vi opplevd at lånarar har bedt oss om å fjerne bøker frå hyllene våre av ulike grunner, eller reagert på at vi markerar hendingar som til dømes Pride. For oss er det viktig at biblioteket er eit rom for alle i samfunnet vårt, og at alle skal låne få bøker som utvidar horisonten vår, med tema vi kan kjenne oss att i og som bidreg til forståelse av andre personars identitet, perspektiv og erfaringer.