Volda kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Volda kommune Telefon:70058700 frå kl 09.00-15.00. Volda kommune sin Facebook- profil er meint som ein ekstra informasjonskanal

Sesongvaksinering for hausten 2026I november blir det sesongvaksinering i Volda og Hornindal. Nytt i år er at du kan res...
07/10/2026

Sesongvaksinering for hausten 2026

I november blir det sesongvaksinering i Volda og Hornindal. Nytt i år er at du kan reservere time på nett, slik at du slepp unødvendig ventetid.

Ein kan også hjelpe andre med å reservere time. Det er mange tider å velje mellom og timebestilling sikrar mindre ventetid for alle.
Du kan lese meir på heimesida til kommunen om korleis du reserverer time.

Treng du hjelp til reservasjon, ring Volda helsestasjon på 70 05 88 20.

På desse vaksinedagane tilbyr vi influensa- og koronavaksine. Vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine) er i tillegg tilgjengeleg for dei som er fødde i 1960 og 1961. Reserver time i “vaksinar utanom reise” for andre vaksinar.

På Pridok booking finn du tider for:
Mandag 9. november frå kl. 09:00-15:15
Onsdag 11. november frå kl. 09:00-15:15
Mandag 16. november frå kl. 09:00-15:15
Onsdag 18. november frå kl. 09:00-16:15
Smia i Hornindal 10. og 17. november frå kl. 09:30-15:00.

Du kan lese om alle dei ulike vaksinene på Voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsenorge. Her står det kven som er anbefalt kva vaksinar, ut ifrå risikogruppe.

Ved å vaksinere seg kan ein førebygge alvorleg sjukdom hjå seg sjølv og andre.

OBS – ein er anbefalt lungebetennelsevaksine også når ein er over 65 år eller i anna risikogruppe. Ein kan bestille eigen time til dette på helsestasjonen eller legesenteret.

Prisar vaksenvaksinasjon per september 2026:
Influensavaksine 308 kr
Pneumokokkvaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
Koronavaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
Øvrige vaksiner sjå Prisar på vaksine og konsultasjonar.

Prisen kan endrast i tråd med prisanbefalingar frå FHI. Prisen inkluderar innkjøpspris på vaksina, utstyr og konsultasjonsavgift.

Manglar du vaksiner?

Vi tilbyr mellom anna oppfriskingsdose av vaksine mot stivkrampe, kikhoste, difteri og polio. Denne har dei fleste fått som barn, men er anbefalt å ta påfyll kvart 10. år då effekta går ut. Ved å ta denne vaksina sørgjer ein for flokkimmunitet i befolkinga. Nokre kan også ha behov for MMR-vaksine, men dei fleste i Noreg har to doser av denne eller naturleg immunitet etter gjennomgått sjukdom. Les meir om vaksinane på Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge, og sjå prislista vår for fullstendig liste av vaksinar vi tilbyr. Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina.

Ved spørsmål, ring oss på helsestasjonen på 70 05 88 20.

I november blir det sesongvaksinering i Volda og Hornindal. Nytt i år er at du kan reservere time på nett, slik at du slepp unødvendig ventetid.

Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og statusKommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling ...
07/10/2026

Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status

Kommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling AS om status for arbeidet med Aasenkvartalet. Kommunestyret stilte spørsmål og tok orienteringa til vitande.

🔸Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status🔸
Kommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling AS om status for arbeidet med Aasenkvartalet. Kommunestyret stilte spørsmål og tok orienteringa til vitande.

Aasenkvartalet er eit prosjekt det har vore arbeidd med over fleire år. I lys av den siste orienteringa kan det vere nyttig å sjå nærare på bakgrunnen for prosjektet, kommunen si rolle og utviklinga undervegs.

🔸Bakgrunnen for prosjektet🔸
I 2013–2014 gjennomførte Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunnmøre Kulturnæringshage og Volda kommune eit felles arbeid for å vurdere grunnlaget for ein kunnskapspark ved Høgskulen i Volda.

Arbeidet konkluderte med at det fanst både behov og moglegheiter for å etablere ein kunnskapspark knytt til høgskulen. Prosjektet vart finansiert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Høgskulen i Volda skil seg frå dei andre høgare utdanningsinstitusjonane i fylket ved at det ikkje er etablert ein kunnskapspark i tilknyting til høgskulen. I arbeidet med prosjektet vart det vist til erfaringar frå andre kunnskapsparkar i fylket, og det vart argumentert for at ein slik struktur kunne styrkje høgskulen si rolle innan regional utvikling og samarbeid med næringsliv og offentleg sektor.

På dette grunnlaget, og med signal frå Høgskulen i Volda om behov for kunnskapspark og auka kontorareal, valde Volda kommune å arbeide vidare med saka. Som vertskommune vurderte kommunen prosjektet som eit mogleg bidrag til utvikling av både høgskulen og regionen.

🔸Etablering av Volda Utvikling AS🔸
For å arbeide vidare med utviklinga av prosjektet, vart Volda Utvikling AS etablert gjennom vedtak i kommunestyret. Formannskapet er generalforsamling i selskapet.

Selskapet vart organisert etter modell frå sørsida i Ålesund og fekk eit styre med erfaring innan eigedomsutvikling, forhandlingar og investormiljø. Selskapet fekk i oppdrag å utvikle prosjektet vidare innanfor dei politiske føringane som vart gitt gjennom generalforsamlinga og kommunestyret.

Kontrollutvalet har også hatt innsynsrett i selskapet og har gjennom sitt ordinære tilsynsansvar følgt verksemda gjennom fleire orienteringar og kontrollaktivitetar.

🔸Frå kunnskapspark til Aasenkvartalet🔸
Etter kvart vart prosjektet utvikla til det som i dag er kjent som Aasenkvartalet.

Volda Utvikling sonderte interessa hjå ulike investorar etter dei kriterier som var vedtatt. Prosjektet hadde eit omfang som kravde betydeleg kapital og kompetanse innan eigedomsutvikling.

Sisa Invest kom inn som privat utviklar og overtok eigedomsprosjekt knytt til området. Dei vidare planane omfatta lokale for høgskulen, kunnskapspark, næringsareal og etter kvart hotell- og konferanseverksemd.

🔸Hotell som del av prosjektet🔸
I den vidare utviklinga av prosjektet vart hotell teke inn som ein del av planane etter politiske signal og vedtak.

Dei argumenta som vart lagde til grunn, var mellom anna at hotell- og konferansekapasitet kunne styrkje aktivitet knytt til høgskulen, sjukehuset og idrettsanlegga i området. Det vart også peikt på at kurs-, konferanse- og etterutdanningsaktivitet kunne få betre rammevilkår med eit slikt tilbod.

Vidare vart det argumentert for at eit hotell kunne bidra til auka næringsaktivitet og sysselsetting.

Dette var vurderingar som låg til grunn for prosjektutviklinga, men som det naturleg nok kan finnast ulike oppfatningar av.

🔸Interesse frå aktuelle leigetakarar🔸
Det har gjennom utviklingsfasen vore dialog med fleire offentlege og private aktørar om mogleg deltaking i prosjektet.

Høgskulen i Volda har ved fleire høve uttrykt interesse for nye leigeareal og deltaking i ein framtidig kunnskapspark. Statsbygg lyste på vegner av høgskulen ut ein konkurranse om om lag 1.700 kvadratmeter leigeareal.

Norsk Innovasjonssenter har arbeidd med planar basert på etablering i Aasenkvartalet, og det har vore dialog med fylkeskommunen om mogleg plassering av fylkeskommunale funksjonar i området.

På det mest omfattande var prosjektet planlagt med hotell, konferansedel, kunnskapspark, høgskulelokale, næringsareal og andre offentlege funksjonar samla i eitt prosjekt.

På det tidspunktet fanst det fleire forhold som kunne tale for realisering, mellom anna prosessar knytte til høgskulen sitt arealbehov, Norsk Innovasjonssenter sitt romprogram, dialog med fylkeskommunen og interesse frå hotellaktørar.

🔸Endra rammevilkår🔸
Utviklinga dei siste åra har ført til at fleire føresetnader for prosjektet har endra seg.

I orienteringa til kommunestyret vart det opplyst at Høgskulen i Volda ikkje lenger vurderer behovet for nye areal på same måte som tidlegare. Det vart også opplyst at Thon Hotels, etter ei lengre vurdering av prosjektet, valde ikkje å gå vidare.

Samtidig har kostnadsnivået i byggjebransjen auka, og finansieringsvilkåra for større prosjekt har vorte meir krevjande.

Det er framleis ikkje avklart om, eller eventuelt på kva måte, fylkeskommunen vil ha ei rolle i prosjektet framover.

🔸Kommunen si rolle🔸
Aasenkvartalet er eit prosjekt med privat utbyggjar. Volda kommune har gjennom eigarskapen i Volda Utvikling AS hatt ei rolle i utviklingsarbeidet fram til prosjektet vart overført til privat utviklar.

Selskapet har arbeidd på oppdrag frå eigaren, og større vegval og prinsipielle spørsmål har vore behandla politisk.

Kommunestyret har gjennom vedtak og orienteringar vore involvert i prosjektet. Moglege kommunale bidrag til ulike delar av prosjektet har vore drøfta og innarbeidde i økonomiske planar, men kommunen har så langt ikkje inngått bindande avtalar knytte til desse elementa.

Kommunen har også prioritert reguleringsarbeidet for området, i samarbeid mellom eigne fagmiljø og prosjektet sine rådgivarar.

🔸Vegen vidare🔸
Kva som skjer vidare med Aasenkvartalet vil no bli vurdert av styret i Volda Utvikling AS. Styret skal rapportere tilbake til generalforsamlinga, som må ta stilling til vidare handtering av prosjektet.

Det er eit faktum at fleire av føresetnadene som låg til grunn då prosjektet vart utvikla, har endra seg. Samstundes står spørsmål knytte til utvikling av høgskuleområdet, innovasjon, næringsutvikling og framtidig hotell- og konferansekapasitet framleis att.

Korleis desse spørsmåla skal følgjast opp vidare, vil vere gjenstand for politiske vurderingar og prioriteringar i tida framover.

Dersom prosjektet ikkje vert vidareført i si noverande form, vil kommunen måtte ta stilling til korleis eigedommane og dei investeringane som er gjorde skal forvaltast vidare. Vurderingar som har vore presenterte, tilseier at ei ferdig regulert tomt kan ha ein marknadsverdi som overstig dei kostnadene som hittil er knytte til prosjektet, men dette vil vere avhengig av marknadssituasjonen og eventuelle framtidige transaksjonar.

Demokratikonferansen 2026: Framtida må byggjast samanKorleis skal kommunane på Søre Sunnmøre møte ei framtid med færre y...
06/10/2026

Demokratikonferansen 2026: Framtida må byggjast saman

Korleis skal kommunane på Søre Sunnmøre møte ei framtid med færre yrkesaktive, fleire eldre og aukande krav til tenestene?

Det var det overordna spørsmålet då politikarar, kommuneleiarar, næringsliv, forskarar og innbyggarar samla seg til Demokratikonferansen 2026 på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Gjennom to konferansedagar vart kommunestruktur, arbeidskraft, samfunnsutvikling og internasjonale utviklingstrekk diskuterte.

Sjølv om meiningane om kommunesamanslåing var delte, var det brei semje om eitt bodskap: Framtida krev meir samarbeid, omstilling og vilje til å ta nye val.

🔹 Arbeidskrafta er den største utfordringa
Mangel på arbeidskraft gjekk att som det viktigaste temaet gjennom heile konferansen.
KS-direktør Geir Aga peika på at norske kommunar står overfor tre store utfordringar samtidig: færre innbyggarar i arbeidsfør alder, aukande behov for velferdstenester og ei meir uroleg verd.
– Det er ikkje kommunegrensene som held meg vaken om natta. Det er arbeidskrafta, sa Aga.
Han understreka at kommunane kjem til å trenge fleire tilsette innan helse og omsorg i åra som kjem, samstundes som tilgangen på arbeidskraft blir mindre.

🔹 Søre utan filter
Det same biletet teikna NAV sin statistikksjef Ulf Andersen. Han viste til at Søre Sunnmøre kan få om lag 1.700 færre personar i yrkesaktiv alder fram mot 2050, medan talet på eldre aukar kraftig. Berre innan helse- og omsorgssektoren kan regionen trenge rundt 750 fleire tilsette.

Han utfordra samstundes det vanlege biletet av ei akutt bemanningskrise. Andersen peika på at mykje kan løysast dersom fleire kjem inn i arbeidslivet, og dersom fleire står eitt år lenger i arbeid før dei går av med pensjon.

Andersen peika på at betre oppvekstvilkår, redusert sjukefråvær, inkludering av fleire i arbeidslivet og at fleire står lenger i jobb, blir avgjerande for å møte utfordringane.

– Arbeidskrafta finst allereie her. Mange som i dag står utanfor arbeidslivet, ønskjer å jobbe dersom dei får moglegheita.

🔹 Kommunestruktur handlar om framtidige tenester
Telemarksforsking sin rapport om framtidig kommunestruktur på Søre Sunnmøre låg som eit bakteppe for konferansen, men fleire av talarane understreka at kommunesamanslåing ikkje er eit mål i seg sjølv, men eitt av fleire verkemiddel for å møte framtidige utfordringar.

Moderator Alfred Bjørlo framheva at det viktigaste ikkje nødvendigvis er kva konklusjon regionen kjem fram til.

– Det viktigaste er at de snakkar saman om den framtida de skal ha i lag, uansett korleis kommunegrensene ser ut, sa han.

Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda meinte regionen må førebu seg på store demografiske endringar.

– Vi må ikkje sløse med arbeidskrafta. Vi må rigge regionen slik at vi står sterkare i konkurransen om folk og kompetanse, sa han.

Også leiar for Kommunekommisjonen, Eivind Dale, peika på at færre yrkesaktive og fleire eldre vil krevje nye løysingar. Han meinte kommunane må få større handlingsrom til å finne løysingar som passar lokalt.

Professor Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda viste til forsking frå tidlegare kommunesamanslåingar. Erfaringane gir ikkje eintydige svar på kva som fungerer best, men syner at lokale forventningar og innbyggarmedverknad er avgjerande for korleis endringane blir opplevde.

🔹 Sterk region i ei uroleg verd
Professor Øystein Tunsjø ved Forsvarets høgskule løfta perspektivet frå lokale kommunegrenser til dei store utviklingstrekka internasjonalt, når han skildra rivaliseringa mellom Kina og USA som den viktigaste geopolitiske endringa i vår tid.

Han synte at internasjonale konfliktar, handelspolitikk og teknologikamp også påverkar norske lokalsamfunn gjennom eksport, forsyningslinjer og næringsutvikling.

Administrerande direktør Trond Nydal i Sparebanken Møre peika på at Søre Sunnmøre står sterkt med eksportretta næringar, høg verdiskaping og stor innovasjonskraft. Samstundes krev auka geopolitisk uro og sterkare kamp om kompetansen tettare samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

– Det globale blir raskt lokalt. Skal samfunnet fungere, må næringslivet fungere, sa Nydal, som også fortalte dei frammøtte om bankane si rolle i beredskapskjeda og kor viktig det er med stabilitet i finansielle tenester dersom noko uventa skjer.

🔹Næringslivet tenkjer regionalt
Fleire innleiarar peika på at kvardagen til innbyggarane i liten grad følgjer kommunegrensene.
Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, understreka at regionen i praksis fungerer som ein felles bu- og arbeidsmarknad.

– Folk bryr seg mindre om kommunegrenser enn vi politikarar gjer, sa ho.

Lene Trude Solheim frå NHO synte til at bedriftene tenkjer regionalt når dei rekrutterer medarbeidarar og utviklar verksemdene sine.

– Bedriftene spør ikkje kva kommune folk bur i når dei tilset. Dei er opptekne av kompetanse, kundar og marknader, sa ho.

Ho framheva også behovet for god samferdsel, tilgang på energi og effektive offentlege prosessar for å sikre vidare vekst i regionen.

🔹Kommunen er meir enn ein tenesteprodusent
I fleire innlegg vart det understreka at debatten om kommunestruktur handlar om meir enn organisering og økonomi.
Hanne Notøy frå Ulstein meinte kommunane må vere ærlege om utfordringane som kjem, og at framtidas innbyggarar ikkje nødvendigvis kan forvente dei same tenestene som i dag.

Ordførar Ann-Kathrin Storøy i Herøy delte erfaringar frå kommunen sitt omstillingsarbeid og peika på kor krevjande det er å prioritere når ressursane blir knappare.

Agnar Kårbø i Kommunal Rapport understreka betydninga av open dialog og gode prosessar.

– Politikken må vere kunnskapsdriven, men politikarane må også forstå at folk reagerer med kjensler, sa han.

Geir Aga løfta til slutt perspektivet utover tenesteproduksjon og kommunegrenser.

– Kommunen er meir enn ein tenesteprodusent. Han skal byggje samfunn, skape attraktivitet og gi folk tru på framtida, sa han.

🔹Framtida kjem uansett
Den avsluttande paneldebatten synte at det framleis er ulike syn på om kommunesamanslåing er riktig veg vidare. Samtidig var det brei semje om at kommunane på Søre Sunnmøre deler dei same utfordringane.

Mangel på arbeidskraft, fleire eldre, aukande forventningar til tenestene og behovet for å styrkje samfunnsutviklinga vil krevje handling. Om løysinga ligg i sterkare interkommunalt samarbeid, endra kommunestruktur eller ein kombinasjon av fleire tiltak, vil den vidare prosessen syne.

Eitt bodskap gjekk att gjennom begge konferansedagane: Å ikkje gjere noko er også eit val. Framtida kjem uansett. Spørsmålet er kor godt Søre Sunnmøre er førebudd når ho kjem.

Men trass utfordringsbiletet er ikkje KS-direktør Geir Aga uroa for kommunane på Søre.
– De byggjer verdas beste skip her ute. Eg er sikker på at de kan byggje verdas beste kommune også.

✍ Artikkelen er utarbeidd i samarbeid mellom kommunane i dei pågåande utgreiingane om samarbeid og kommunestruktur.

Lei av ruskevær? Ta deg ein tur på kino ☔️🍂🎬
06/10/2026

Lei av ruskevær? Ta deg ein tur på kino ☔️🍂🎬

"Knask og plask" kl. 13.00–14.30 for barn i 6.–8. klasse i Voldabadet:
06/10/2026

"Knask og plask" kl. 13.00–14.30 for barn i 6.–8. klasse i Voldabadet:

Onsdag 7. oktober vert det "Knask og plask" kl. 13. - 14.30 for barn i 6. - 8. klasse i Voldabadet. Det vert servering av frukt og leik i bassenget. Ta turen og sjekk ut tilbodet💦💦💦
Arrangementet er gratis. Vi takkar Bufdir for støtta👏

Vil du lære å bruke nettbrett? No kan du låne eit - heilt gratis!No kan innbyggjarar over 65 år få låne med seg nettbret...
05/10/2026

Vil du lære å bruke nettbrett? No kan du låne eit - heilt gratis!

No kan innbyggjarar over 65 år få låne med seg nettbrett heim som ein del av pilotprosjektet Fleire digitale eldre.

I Volda kommune vil vi at alle skal kunne ta del i det digitale samfunnet. Derfor låner vi ut nettbrett heilt gratis på Volda folkebibliotek. Ta nettbrettet med heim, og bli kjent med korleis det fungerer, og kva du kan bruke det til – i ditt eige tempo. Det er ofte den beste måten å lære på.

Ein må signere eigen låneavtale før ein får med seg nettbrett heim.

Som ein del av prosjektet kan ein også delta på opne samlingar, Digitale saman, og bestille heimebesøk for å få digital opplæring heime. Les meir om prosjektet her https://www.volda.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/bu-godt-i-volda/fleire-digitale-eldre/

Det er aldri for seint å lære noko nytt!

Ledig stilling - personal- og organisasjonssjefVil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisa...
02/10/2026

Ledig stilling - personal- og organisasjonssjef

Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef? Søknadsfrist 18.10.2026.

Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef.

Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.

Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.

Arbeidsoppgåver
🔹leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi
🔹drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde
🔹styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø
🔹vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål
🔹leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet
🔹ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice
🔹vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll
🔹ivareta og utvikle partssamarbeidet
🔹bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap

Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde.

https://www.volda.kommune.no/aktuelt/ledig-stilling-personal-og-organisasjonssjef.204296.aspx

Behov for tilkallingsvikarar i Folkestad barnehageVi har jamleg behov for tilkallingsvikarar i skulane og barnehagane vå...
25/09/2026

Behov for tilkallingsvikarar i Folkestad barnehage

Vi har jamleg behov for tilkallingsvikarar i skulane og barnehagane våre. Akkurat no har vi særleg behov for vikarar i Folkestad barnehage.

Er du interessert i å jobbe som tilkallingsvikar? Gå til Ledige stillingar på heimesida til Volda kommune. Der finn du meir informasjon, kontaktperson og skjema for å melde interesse.

https://www.volda.kommune.no/tenester/organisasjon-og-tilsette/ledige-stillingar/open-soknad/tilkallingsvikarar-oppvekst.63062.aspx

Adresse

Stormyra 2
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770058700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Volda kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda kommune:

Snarveier

Del