Voss bibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Voss bibliotek Hovudbiblioteket finn du i Voss kulturhus. Granvin filial finn du i Kulturbanken i Granvin. Bibliotek

10/10/2026

Liv og røra på songstund med Solfrid Himle🎶

Ytringsfridomen er under stadig press, sjølv i demokratiske samfunn. I 2025 blei 4235 boktitlar forsøkt fjerna frå ameri...
05/10/2026

Ytringsfridomen er under stadig press, sjølv i demokratiske samfunn. I 2025 blei 4235 boktitlar forsøkt fjerna frå amerikanske bibliotek. Det finst bøker som er sensurert, forsøkt fjerna frå skulebibliotek og bokhandlarar eller vorte heilt forbode grunna kulturkrig og av politiske årsaker, i fleire delar av verda.

Forbodne bøker-veka blir markert 5.–11. oktober. Det er ei feiring av fridomen til å lese det du vil, og ei påminning om å styrke beredskapen mot ulike former for sensur.

Mange av bøkene vi har i hyllene, er bannlyste andre stader i verda. Her finn du nokre av dei.

Bokbussen starta opp i dag med ein tur til Bjørgum skule. Etterpå var det ein meir høgtideleg markering på kulturhuset, ...
21/09/2026

Bokbussen starta opp i dag med ein tur til Bjørgum skule. Etterpå var det ein meir høgtideleg markering på kulturhuset, der mellom anna ordførar, rådmann med fleire var til stades. Fylkesbiblioteket var også representert. Biblioteksjefen heldt ein liten tale og takka varmt alle som har bidrege i arbeidet for den nye bussen. Noreg sin første el-bokbuss! Bokbussbibliotekar Nils Bjarne viste fram bokbussen og seier seg godt nøgd, slik han er no. Me takkar og for den fine blomebuketten me fekk frå fylket. 💐

Hurra! Endeleg har Voss fått ny bokbuss! 🥳 Etter heile fem år med planlegging og venting! I dag blir han innvigd! 🎉🎉🎉
21/09/2026

Hurra! Endeleg har Voss fått ny bokbuss! 🥳 Etter heile fem år med planlegging og venting! I dag blir han innvigd! 🎉🎉🎉

17/09/2026

Atmosfæriske tonar på kulturtreff i biblioteket i dag, frå fiolin til theremin. Ein flott konsert 👍

17/09/2026

Atmosfæriske tonar på kulturtreff i biblioteket i dag, Frå fiolin til theremin. Ein flott konsert 👍

Tysdag 29.9 kl. 19:00 kjem Jørn Øyrehagen Sunde til biblioteket for å snakke om boka “Forsvarstale for eit vondt mennesk...
08/09/2026

Tysdag 29.9 kl. 19:00 kjem Jørn Øyrehagen Sunde til biblioteket for å snakke om boka “Forsvarstale for eit vondt menneske: rett, samfunn og kvinner på 1700-talet”.

Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?

Sunde er professor i rettshistorie. I 2012 fekk han Meltzer-prisen for framifrå formidling, og i 2023 Sarton-medaljen for framifrå rettshistorisk forsking.. I 2023 ga han ut den kritikerroste boka Kongen, lova og landet.

25/08/2026
Saknar du bokmerket ditt? Me har ei fin samling attgløymde slike her på biblioteket, og vil gjerne at eigaren skal få de...
02/07/2026

Saknar du bokmerket ditt? Me har ei fin samling attgløymde slike her på biblioteket, og vil gjerne at eigaren skal få det tilbake 📚📚📚

Adresse

Kulturhuset, Evangervegen 6
Vossavangen
5704

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 19:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 19:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 10:00 - 15:00

Telefon

+4756519490

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Voss bibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss bibliotek:

Snarveier

Del

Kategori