Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

  • Home
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Call Directions Website Contact the organization

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Trygg framtid for folk og natur Her på Facebook vil vi dele aktuelle saker og arrangementer for målgruppene våre - alle som bur og arbeider i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (tidlegare Fylkesmannen i Møre og Romsdal) arbeider for at du skal få rettane dine slik Stortinget har bestemt. Oppvekst og utdanning, helse- og sosialtjeneste, samfunn og beredskap, justis og verjemål, miljøvern og landbruk er våre hovudarbeidsområde. Les meir om oppgåvene våre på nettsida: https://www.statsforvaltaren.no/mr
Høyr også gjerne podkasten vår "For folk og natur": https://www.statsforvalteren.no/forfolkognatur

Du er velkomen til å like, kommentere og dele innlegga våre. Her på Facebook svarar vi ikkje på spørsmål om saker som er til behandling, og går ikkje inn i diskusjonar. Om du ønskjer eit formelt svar frå Statsforvaltaren, eller at det blir sett i gang ei sak, må du bruke dei moglege kanalanane du finn under "kontaktfana" på nettsida vår.

Førre veke hadde fylkeslege Karin Müller Mikaelsen og seniorrådgivar Eli Mette Finnøy hos Statsforvaltaren eit møte med ...
02/11/2026

Førre veke hadde fylkeslege Karin Müller Mikaelsen og seniorrådgivar Eli Mette Finnøy hos Statsforvaltaren eit møte med Norsk Sykepleierforbund - Møre og Romsdal ved fylkesleiar Trine Bruseth Sevaldsen og nestleiar Gjermund Øysteinsson Moe. NSF informerte Statsforvalteren om sin aktivitet i fylket og utfordringar på området.

Takk for besøket!

Foto: NSF Møre og Romsdal

Sammen for trygge og bærekraftige helse- og omsorgstjenester 🏥

I dag har fylkesledelsen hatt et viktig og godt møte med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ved fylkeslege Karin Müller Mikaelsen og senirorådgiver Eli Mette Finnøy.

Temaet var forsvarlige, trygge og bærekraftige helse- og omsorgstjenester i Møre og Romsdal. Vi står overfor store utfordringer i årene som kommer, og nettopp derfor er dialog, samarbeid og felles forståelse så viktig.

Vi må sikre gode tjenester til innbyggerne, samtidig som vi tar vare på fagfolkene som hver dag får helse- og omsorgstjenestene til å fungere.

Kompetanse, bemanning, faglig kvalitet og gode arbeidsvilkår må være en del av samtalen når framtidens tjenester skal utvikles.

Takk for et viktig møte og gode diskusjoner. Vi ser fram til videre dialog og samarbeid!

Trine Bruseth Sevaldsen
Gjermund Øysteinsson Moe

⚖️ Vil du bruke din juridiske kompetanse til å styrke rettstryggleiken og berekraft i helse- og omsorgstenester?Er du ju...
02/11/2026

⚖️ Vil du bruke din juridiske kompetanse til å styrke rettstryggleiken og berekraft i helse- og omsorgstenester?

Er du jurist med master i rettsvitskap, og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for folk flest? Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for enkeltpersonar, kommunane og for samfunnet. Vi har no ledig jobb i seksjonane helse og rettstryggleik i omsorg.

Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker og bidreg til å sikre kvalitet og ivaretaking av pasient- og brukarrettar i helse- og omsorgstenester. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Hos oss vil du vil bli del av eit stort juridisk fagmiljø.

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/R%C3%A5dgivarseniorr%C3%A5dgivar-jurist-helse-og-rettstryggleik-i-omsorg/881-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 22. november 2026
📍Stad: Molde

Totalforsvaret handlar i botn og grunn om å stå støtt under press. Når kommunar, beredskapsaktørar og innbyggarar tek an...
30/10/2026

Totalforsvaret handlar i botn og grunn om å stå støtt under press. Når kommunar, beredskapsaktørar og innbyggarar tek ansvar og samarbeider godt, styrker vi den samla motstandskrafta i samfunnet.

I denne kronikken skriv statsforvaltar Else-May Botten og fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas om kommunane si rolle i totalforsvaret, erfaringar frå beredskapsarbeidet i Møre og Romsdal, kvifor gode planar må fungere i praksis, og korleis samarbeid og eigenberedskap styrker samfunnstryggleiken.

Les kronikken i lenka i kommentarfeltet 👇

🧭 Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?Vi søker ein strategisk og utviklingsorientert lei...
29/10/2026

🧭 Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?

Vi søker ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk.

Verksemdsområdet berekraftig naturbruk har seksjonane for forureining, justis og beredskap, landbruk, naturforvaltning og plan og klima. Området forvaltar oppdrag frå fleire departement og direktoratsnivå og arbeider med spørsmål som har stor betydning for berekraftig utvikling, ressursforvaltning, samfunnstryggleik og framtidige generasjonar.

Som områdedirektør får du ei sentral rolle i den strategiske leiinga av embetet. Du rapporterer til embetsleiinga og er medlem av den strategiske leiargruppa. Gjennom leiarskap, samordning og utvikling skal du bidra til å sette nasjonal politikk ut i livet og sikre gode løysingar på nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket.

Dette er ei stilling for deg som ønsker å påverke samfunnsutviklinga, bygge sterke fagmiljø og leie i kryssingspunktet mellom fag, politikk og forvaltning!

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/Omr%C3%A5dedirekt%C3%B8r-for-berekraftig-naturbruk/878-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 15. november 2026
📍Stad: Molde

Foto: Øivind Leren og Shutterstock

🩺 Vil du bruke legekompetansen din til å utvikle helse- og omsorgstenestene og bidra til pasienttryggleiken?Statsforvalt...
29/10/2026

🩺 Vil du bruke legekompetansen din til å utvikle helse- og omsorgstenestene og bidra til pasienttryggleiken?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no ledig ei fast nyoppretta 100 % stilling som assisterande fylkeslege. Med deg vil vi vere tre assisterande fylkeslegar, leia av fylkeslegen.

Du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og sikre gode helse- og omsorgstenester for innbyggarane i Møre og Romsdal. Arbeidet vårt er variert og samfunnsaktuelt. Du vil møte problemstillingar som krev medisinsk innsikt, klinisk skjønn og evne til å sjå samanhengar mellom fag, regelverk og pasienttryggleik

Du får òg gode moglegheiter til å vidareutvikle legekompetansen din innan helserett. Vi er registrerte som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin.

Stillinga har ordinær dagarbeidstid utan vaktteneste.

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/Assisterande-fylkeslege/879-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 15. november 2026
📍Stad: Molde

Foto: Shutterstock

👋 Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din på ein ny måte?Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgi...
29/10/2026

👋 Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din på ein ny måte?

Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Vi søker etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet.

Arbeidet vårt er samfunnsaktuelt – og du får moglegheit til påverke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene utover enkeltsaker. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, legar, vernepleiarar og sjukepleiarar.

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/R%C3%A5dgivarseniorr%C3%A5dgivar-helse/880-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 15. november 2026
📍Stad: Molde

Foto: Shutterstock

Korleis førebur kommunane seg på revidert avløpsdirektiv? 💧Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlegg no kommunane sine...
28/10/2026

Korleis førebur kommunane seg på revidert avløpsdirektiv? 💧

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlegg no kommunane sine førebuingar. Sjølv om direktivet enno ikkje er innført i norsk regelverk, har regjeringa signalisert at kommunane bør starte planlegginga. Det kan kome strengare krav til handtering og reinsing av avløpsvatn i åra som kjem.

Les saka i kommentarfeltet 👇

Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Førre veke samla i overkant av 350 engasjerte fagpersonar frå barnehagesektoren seg på Scandic Parken i Ålesund til Barn...
27/10/2026

Førre veke samla i overkant av 350 engasjerte fagpersonar frå barnehagesektoren seg på Scandic Parken i Ålesund til Barnehagekonferansen 2026.

Temaet var «Trygg start – Sterk framtid»

Konferansen handla om barnehagen si nøkkelrolle i det langsiktige arbeidet med å styrke fellesskapet i samfunnet. Innanforskap og barns medverknad er grunnleggande for eit demokratisk samfunn. Her har barnehagen eit tydeleg mandat: å bidra til barns danning, med vekt på verdiar, haldningar og deltaking i fellesskapet.

Eit sentralt spørsmål på konferansen var korleis barnehagen kan bidra i framtidig beredskapsbygging, og korleis denne rolla kan styrkast vidare.

🎤 Bilda under viser nokre av foredragshaldarane.

Takk til alle som deltok! 👏

Alle foto: Silje Sandvik

Address

Julsundvegen 9

6412

Opening Hours

Monday 09:00 - 14:30
Tuesday 09:00 - 14:30
Wednesday 09:00 - 14:30
Thursday 09:00 - 14:30
Friday 09:00 - 14:30

Telephone

+4771258400

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Statsforvaltaren i Møre og Romsdal posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Organization

Send a message to Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed government service?

Share