Bømlo kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Bømlo kommune Dette er Bømlo kommune si offisielle Facebookside. Kundetorget og Teknisk kundetorg vil gjerne hjelpe deg om det er noko du lurer på. Me tillet ikkje mobbing.
3.

KONTAKT OSS: https://tinyurl.com/ytuh5ajr
Sentralbord 53 42 30 00
Ope man-fre kl. 09.00-11.30 og 12.30-14.30
Opningstider Innbyggjartorg i hovudbiblioteket:
man- tors kl. 12-18 / fred kl. 12-15
Innbyggjartorg/sentralbord svarar innanfor opningstidene. Direkte spørsmål rettast via telefon 53 42 30 00 eller [email protected]
---------------------------------------------------------------------------

Her vil me gjerne dele det som skjer i kommunen, og vonar du får nytte av informasjonen. Spørsmål/kommentarar på denne sida vert ikkje journalført i kommunen sitt arkivsystem. Hugs difor at du ikkje kan rette offentlege førespurnadar hit som kan bli del av ei saksbehandling. Me gjer merksam på at innlegg som er støytande, sjikanerande, rasistiske eller som trør over grensa for personvern vert sletta. Kommunen sin facebookvegg er heller ikkje staden for reklame for kommersielle produkt og tenester. Har du klager, spørsmål eller vil snakka med ein saksbehandlar - vennligst send ein e-post til [email protected], ring Sentralbordet på tlf. 53 42 30 00 eller Teknisk kundetorg tlf. 53 42 30 30. Postadressa vår er: Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Våre tips til innbyggjarane om bruk av Facebook
1. Tenk over kva du deler
• Vær kritisk og sørg for at du kan stå for det du legg ut! Publiser kun ting du ville sagt ansikt til ansikt.
• Vurder korleis du framstiller deg sjølv.
• Vær bevisst på kva slags personleg informasjon du publiserar. Ikkje del sensitiv informasjon om deg sjølv eller andre.
• Forvent at alle kan sjå informasjon du deler.
• Ikkje legg ut bilete av, eller informasjon om, venner eller kollegaer utan løyve.
2. Ver ein venn på nett.
• Vanleg folkeskikk gjeld også på nett. Følg råda for sikker pålogging
• Lag unike passord for alle brukarkontoar.
• Aktiver 2-trinns stadfesting på Facebook.
4. Tenk før du klikkar
• Spelar innhaldet i meldinga på kjensler som tillit, frykt eller freistingar, samstundes som det prøver å få deg til å gjere noko, så er dette kjente teikn på svindelforsøk. Særleg om det hastar.

Øya vår
Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med ca. 11.800 innbyggjarar. Kommunen er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Kommunen sitt administrasjons-, handels- og kommunikasjonssenter ligg på Svortland. Kommunen har om lag 800 tilsette. Bømlo har til saman over 1 0...00 større og mindre øyar. Du er aldri langt frå sjøen på Bømlo, med Nordsjøen som næraste nabo. Flateinnhaldet i kommunen er 247 km2. Busetnaden er spreidd, med heile 5 tettstader. Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke.

29/10/2026

Kvifor bør du ha ein DAB-radio?

28/10/2026

Til ettertanke.

23/10/2026

Eit nytt tre i gangen fekk blad med ord og meining då vaksenopplæringa markerte FN-dagen på forskott 22. oktober. Deltakarar frå asylmottaket og frivillige var med på markeringa «Saman som menneske».

23/10/2026

Årets influensasesong nærmar seg, men influensavaksinane kjem seinare enn vanleg. Me deler difor enkle råd som kan bidra til at ein kan beskytte seg sjølv.

Adresse

Rådhuset, Leirdalen 1 (Svortland)
Bremnes
5430

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:30
Tirsdag 09:00 - 14:30
Onsdag 09:00 - 14:30
Torsdag 09:00 - 14:30
Fredag 09:00 - 14:30

Telefon

+4753423000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bømlo kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bømlo kommune:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Bremnes

Vis Alle