Tokke kommune

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Tokke kommune Velkomen til Tokke kommune! Her delar me små og store glimt frå kvardagen. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og heilt fram til 2. verdskrig.

Fakta:
Innbyggartal: 2247
Areal: 980 km2
Lågaste punkt: Bandak, 72 moh
Høgaste punkt: Kvannfjølli, 1537 moh
Fylg oss for å halde deg oppdatert og bli betre kjent med Tokke! Tokke kommune ligg innerst i Telemarkskanalen og strekkjer seg opp mot alle sider frå innerst i Bandak. Tokke kommune har tradisjon med industri og eksport med brynestein heilt frå viking-tida. Kraftutbygginga på 50-60-talet har gjeve gode inntekter slik at kommunen har kunna byggje ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv. Kommunesenteret Dalen, med eventyrhotellet Dalen Hotel ( frå 1892 ), er prega av industriverksemder og handel/ tenesteytande verksemder. Tokke har tre tettstadar i kommunen i tillegg til Dalen. Høydalsmo, Åmdals Verk og Lårdal. I tillegg fleire livskraftige lokalsamfunn som Byrte, Skafså, Mo, Austheii, Froland. Tokke har mykje å by på både av natur, opplevingar, museum og aktive og levande samfunn. Ta ein tur då vel!

------------

Tokke municipality has long traditions with industry and export of whetstones ever since the age of the Vikings. The copper mines in Åmdals Verk were active from the 16th century all the way until the Second World War. The construction of the hydro power plant in the 1950s has given Tokke a wealthy income so they have been able to provide and expand on their services. Today Tokke is a modern industrialized and agricultural municipality with ever-growing tourism. Dalen is the center for the Tokke municipality. In addition to Dalen, we have several urban areas like Høydalsmo, Åmdals Verk and Lårdal that are full of life. Local communities such as Byrte, Skafså, Mo, Austheii and Froland contribute to a gathered Tokke. Tokke can offer unforgettable experiences with our vast array of hiking possibilities, museums and active communities. Come and visit us in Tokke!

FRIVILLIGE LAG KAN NO SØKJE OM TILSKOT TIL INKLUDERING AV BORN OG UNGETilskotet frå Bufdir er no utlyst, og søknadsfrist...
30/10/2026

FRIVILLIGE LAG KAN NO SØKJE OM TILSKOT TIL INKLUDERING AV BORN OG UNGE

Tilskotet frå Bufdir er no utlyst, og søknadsfristen er 13. november.

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og tilbod om sommar- og deltidsjobb. Med samfunnsdeltaking meiner ein tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv og arbeidsliv, i tillegg til demokratisk deltaking.

Sjå her for meir info:

Tilskudd til aktiviteter rettet mot barn og unge som står i fare for å havne i utenforskap

FOSTERHEIMSVEKA 2. - 8. NOVEMBERI veke 45 gjennomfører Bufetat og Bufdir Fosterheimsveka, eit nasjonalt løft for å finne...
30/10/2026

FOSTERHEIMSVEKA 2. - 8. NOVEMBER

I veke 45 gjennomfører Bufetat og Bufdir Fosterheimsveka, eit nasjonalt løft for å finne fleire fosterheimar i barnas nærmiljø.

Er du nyskjerrig på fosterheim eller opptatt av eit trygt nærmiljø for barn og unge, kan du melde deg på arrangementet:
Digital sofaprat: Kan vi bli litt mer landsby igjen?

Påmelding og meir informasjon finn du her:
https://www.bufdir.no/fosterhjem/narmiljo/

29/10/2026
28/10/2026

🍂🍁 Tankevirus-kurs i Tokke 10 november kl 17-19!

💭 Har du nokon gong tenkt …

🤔 «Dei snakkar sikkert om meg …» når to kollegaer står og pratar med låg stemme.

🤔 «No har eg sikkert gjort noko gale …» når sjefen seier at han vil ta ein prat med deg.

🤔 «Ho er sikkert irritert på meg …» når ein ven ikkje svarar på meldinga di.

Kjenner du deg att?

Tankane våre er ikkje alltid til å stole på. Likevel kan vi fort ta dei for sanningar, og dei kan påverke både korleis vi har det og kva vi gjer.

🧠 På Tankevirus-kurset lærer du å kjenne att vanlege tankefeller og får enkle verktøy for å handtere tankar som skaper unødvendig bekymring, stress og uvisse.

📍 Tokke kulturhus
📅 10. og 17. november
🕔 Kl. 17.00–19.00

🍁 Kurset er gratis og går over to samlingar.

➡️ Påmelding via nettsida til til Rask psykisk helsehjelp i kommunen din.

📞 Meir informasjon på tlf. 906 70 130.

Du er varmt velkommen!🧡

TRENG DU HJELP MED NOKO? KANSKJE ELEVAR VED TOKKE SKULE KAN HJELPE?På Tokke skule har 8. og 10. klasse eit fag som heite...
28/10/2026

TRENG DU HJELP MED NOKO? KANSKJE ELEVAR VED TOKKE SKULE KAN HJELPE?

På Tokke skule har 8. og 10. klasse eit fag som heiter "innsats for andre". I faget ynskjer elevane blant anna å koma i kontakt med menneske som kunne trengt litt hjelp i kvardagen. Treng du hjelp? Ta kontakt så får du hjelp av dei flinke ungdomane!

(Sidan faget er på torsdagar frå kl 12:05 til 13:50, er det berre mogleg med oppdrag på Dalen.)

Elevane forklarar tilbodet nærare her:
https://www.tokke.kommune.no/nyheter-forside/2026-10-28-elevar-ved-tokke-skule-ynskjer-a-gjera-ein-innsats-for-andre---treng-du-hjelp

(Foto: Åshild Bringsvær-Sunde)

BESTÅTT FAGBREV SOM TØMRERIngrid Karine Olsen har hatt lærlingtid hjå teknisk etat i Tokke kommune, og seiste veka har h...
27/10/2026

BESTÅTT FAGBREV SOM TØMRER

Ingrid Karine Olsen har hatt lærlingtid hjå teknisk etat i Tokke kommune, og seiste veka har ho gjennomført den praktiske delen av fagprøva. Dette bestod Ingrid Karine med g***s med karakteren meget godt bestått.

Me gratulerar så mykje og ynskjer Ingrid Karine lykke til vidare i arbeidslivet.

VERDISEMINARVer budd – alltid budd?Laurdag 31. oktober er det klart for eit nytt verdiseminar for Vest-Telemark i Verdis...
27/10/2026

VERDISEMINAR

Ver budd – alltid budd?

Laurdag 31. oktober er det klart for eit nytt verdiseminar for Vest-Telemark i Verdiseminaret 2026. Samlinga går føre seg på Vinjehuset, og er høgaktuelt i ei tid med auka merksemd kring beredskap og samfunnstryggleik: «Ver budd – alltid budd?»

Årets seminar handlar om medmenneske, diakoni og lokalsamfunnet si rolle i beredskapstider. Med bakgrunn i den nasjonale merksemda rundt eigenberedskap ønskjer arrangørane å løfte fram korleis lokalsamfunn, frivillige, kyrkje og enkeltmenneske kan vere ressursar for kvarandre når kvardagen vert utfordra. Mellom deltakarane finn me Jon Rikard Kleven, Jan W. Rud, Kristian Rantala, Per Gunnar Disch, Tor Eivind Erikstein, Asbjørn Sagstad og Robertas Lamsodis.

Verdiseminaret har gjennom fleire år vore ein møtestad for menneske frå ulike delar av Vest-Telemark som ønskjer å reflektere over verdiar, samfunnsansvar og fellesskap.
Årets tema peikar på korleis beredskap ikkje berre handlar om utstyr og planar, men også om relasjonar, omsorg og evna til å stille opp for kvarandre.
Praktisk informasjon

Kva: Verdiseminaret 2026 – «Ver budd – alltid budd?»
Når: Laurdag 31. oktober 2026, kl. 11.00–14.30
Kvar: Vinjehuset, Vinje

Prostidiakonen i Vest-Telemark

Adresse

Dalen
3880

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Tokke kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tokke kommune:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Dalen

Vis Alle