Vanylven

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Vanylven Kommunen har omlag 3 000 innbyggjarar, Fiskå er administrasjonsstad. Vi har godt utbygdt offentlege

Kva gjer du dersom ei krise oppstår og du ikkje får brukt mobiltelefonen eller internett?Vanylven kommune har oppdatert ...
02/11/2026

Kva gjer du dersom ei krise oppstår og du ikkje får brukt mobiltelefonen eller internett?
Vanylven kommune har oppdatert informasjonspunkt i bygdene der innbyggjarane kan få trygg og oppdatert informasjon ved ekstraordinære situasjonar, dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane ikkje fungerer.

Her møter du opp dersom ei krise skulle oppstått:
🔹Fiskå - Vanylven helse- og omsorgssenter
🔹Syvde - Syvdetun
🔹Åheim - Åheim barnehage
🔹Rovde - Nærbutikken Rovde
🔹Åram - Joker Åram

Kva gjer du dersom ei krise oppstår og du ikkje får brukt mobiltelefonen eller internett? Vanylven kommune har oppdatert informasjonspunkt i bygdene der innbyggjarane kan få trygg og oppdatert informasjon ved ekstraordinære situasjonar, dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane ikkje fungerer.

Vanylven kommune og Sande kommune har no signert avtale om at Vanylven skal utføre feiing og tilsyn for Sande frå 2027. ...
30/10/2026

Vanylven kommune og Sande kommune har no signert avtale om at Vanylven skal utføre feiing og tilsyn for Sande frå 2027. Avtalen gjeld i første omgang for 2027, med opsjon på forlenging i ytterlegare tre år, eitt år om gongen. 🧯😊

Brannførebygging, feiing og tilsyn – samarbeid mellom Vanylven og Sande

Etter å ha kjøpt feie- og tilsynstenester frå privat selskap gjennom mange år, valde Vanylven kommune i 2026 å ta tenesta tilbake i eigen regi. Kommunen tilsette Marte Hansen i 100 % stilling som brannførebyggjar. Hansen er utdanna feiarmeister og har om lag 15 års erfaring innan feiing, tilsyn og brannførebyggjande arbeid. Vanylven har dermed fått ein erfaren fagressurs som kan utvikle og drifte tenesta lokalt.

Gjennom 2026 har det vore lagt ned eit betydeleg arbeid med feiing og tilsyn av fritidseigedomar i Vanylven, samtidig som ordinær feiing og tilsyn i bustader har blitt gjennomført.

Ein viktig fordel med å ha tenesta i eigen regi er fleksibiliteten dette gir. Mange innbyggjarar har travle kvardagar og kan ha utfordringar med å vere heime på dagtid. Det har difor vore lagt til rette for besøk også utanfor ordinær arbeidstid. Ved å forskyve arbeidstida enkelte veker kan brannførebyggjaren tilby tidspunkt som passar betre for innbyggjarane.

Bakgrunnen for å ta tenesta tilbake i eigen regi var også økonomisk. Innleige frå privat selskap hadde over tid blitt ei kostbar løysing. Kostnaden ved kjøp av tenesta var komen opp på om lag same nivå som kostnaden ved å ha ein eigen brannførebyggjar i 100 % stilling.

Avtale med Sande kommune frå 2027
Eit viktig resultat av at Vanylven no har bygd opp tenesta i eigen regi, er at kommunen har kapasitet til å levere feie- og tilsynstenester også til Sande kommune.

Vanylven kommune og Sande kommune har no signert avtale om at Vanylven skal utføre feiing og tilsyn for Sande frå 2027. Avtalen gjeld i første omgang for 2027, med opsjon på forlenging i ytterlegare tre år, eitt år om gongen.

Samarbeidet er lagt opp slik at begge kommunane skal få ein økonomisk gevinst av avtalen.
For Vanylven betyr avtalen at kapasiteten til den allereie tilsette brannførebyggjaren kan nyttast betre. Inntektene frå Sande bidreg til å dekkje ein del av kostnadene knytte til stillinga og drifta av tenesta. Kostnadene blir dermed fordelte på eit større grunnlag enn dersom Vanylven skulle drive tenesta berre for eigne innbyggjarar.

For Sande betyr samarbeidet at kommunen kan kjøpe tenesta direkte frå Vanylven, utan å måtte byggje opp ei tilsvarande teneste åleine eller vere avhengig av ei dyrare innleigd løysing. Samtidig får Sande tilgang til ein etablert kommunal fagressurs med lang erfaring og høg fagkompetanse.

Samarbeidet gir dermed ei betre utnytting av kommunale ressursar på tvers av kommunegrensene. I staden for at begge kommunane skal dekkje kostnadene ved kvar si løysing, kan ein felles ressurs nyttast meir effektivt.

Lågare kostnader skal kome innbyggjarane til gode
Feiing og tilsyn er eit sjølvkostområde. Det betyr at gebyra innbyggjarane betaler skal dekkje kostnadene med tenesta, og at kommunen ikkje skal tene pengar på ordninga.

Dei siste fem åra har gebyra for feiing og tilsyn i Vanylven vore relativt stabile, utan store endringar. Når Vanylven frå 2027 får inntekter gjennom avtalen med Sande og samtidig kan utnytte kapasiteten i eiga teneste betre, vil dette redusere kostnadene som må dekkjast av Vanylven sine eigne abonnentar.
Det er difor venta at gebyra for feiing og tilsyn i Vanylven kan bli reduserte i 2027.

For eigarar av fritidseigedomar kan reduksjonen bli særleg merkbar. Det er gjennomført mykje feiing og tilsyn på fritidseigedomar i 2026, og når desse eigedomane er kartlagde og følgde opp, kan vidare feiing og tilsyn i større grad gjennomførast etter dokumentert behov. Det betyr at mange fritidseigedomar ikkje vil ha behov for besøk like ofte som tidlegare. Eigarar av fritidseigedomar vil difor kunne oppleve ein vesentleg reduksjon i gebyret samanlikna med dagens nivå.

Avtalen mellom Vanylven og Sande er dermed ikkje berre eit fagleg samarbeid, men også eit samarbeid som skal gi økonomisk gevinst for begge kommunane og bidra til lågare kostnader for innbyggjarane.
Samtidig beheld kommunane ei lokal og fleksibel teneste, med kort veg mellom innbyggjarane, brannførebyggjaren og brann- og redningstenesta.

Kva skjer når ei alvorleg hending oppstår? Les meir om den kommunale kriseleiinga, den psykososiale krisegruppa og korle...
29/10/2026

Kva skjer når ei alvorleg hending oppstår? Les meir om den kommunale kriseleiinga, den psykososiale krisegruppa og korleis kommunen informerer innbyggjarane ved ei krise.

Les meir her:

Når ei alvorleg hending oppstår, kan Vanylven kommune setje kriseleiinga for å koordinere kommunen sin innsats og handtere situasjonen. På denne sida finn du informasjon om den kommunale kriseleiinga, den psykososiale krisegruppa og viktige telefonnummer.

Offentlege instansar, frivillege organisasjonar og private aktørar kan no søke om tilskot til aktivitetar som er retta m...
29/10/2026

Offentlege instansar, frivillege organisasjonar og private aktørar kan no søke om tilskot til aktivitetar som er retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Søknadsfrist er 13.november 2026.

Offentlege instansar, frivillege organisasjonar og private aktørar kan no søke om tilskot til aktivitetar som er retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Søknadsfrist er 13.november 2026Les meir om ordninga her.

27/10/2026

Oppfølgingstenesta inviterer til markering av Verdensdagen for psykisk helse.💚

Alle er hjarteleg velkomne!

Tid: Torsdag 29. oktober kl. 13.00–15.00
Stad: Vårsol-bygget på Fiskå

Vel møtt! 🌿

Kommunestyret har i sak 25/112 vedteke å vidareføre ordninga med vintersesong for miljøstasjonen.I vintersesongen vil mi...
27/10/2026

Kommunestyret har i sak 25/112 vedteke å vidareføre ordninga med vintersesong for miljøstasjonen.

I vintersesongen vil miljøstasjonen vere open tysdagar i oddetalsveker fram til 1. april. Og stengd i parttalsveker. Redusert opningstid for vintersesongen vert innført frå og med veke 44, 27.10.2026.

Miljøstasjonen er stengd i dag, tysdag 27. oktober 2026.

Kommunestyret har i sak 25/112 vedteke å vidareføre ordninga med vintersesong for miljøstasjonen.I vintersesongen vil miljøstasjonen vere open tysdagar i oddetalsveker fram til 1. april. Og stengd i parttalsveker. Redusert opningstid for vintersesongen vert innført frå og med veke 44, 27.10.20...

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst sju døgn dersom vatn og straum plutseleg vert vekke?I kommentarfeltet ...
26/10/2026

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst sju døgn dersom vatn og straum plutseleg vert vekke?

I kommentarfeltet under kan du lese om kva du bør ha i beredskapslageret ditt heime, og kifor ein har auka beredskapsråda som ein gir til innbyggjarar i kommunane.

26/10/2026

🎥 Kommunestyremøte 26.10.26.

26/10/2026

🎥 Formannskapsmøte 26.10.26, del.2.

26/10/2026

🎥 Formannskapsmøte 26.10.26, del.1.

Adresse

Eide
6143

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 14:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vanylven legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vanylven:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten