Etne og Skånevik Omsorgssenter

Ring Veibeskrivelse Nettsted

Etne og Skånevik Omsorgssenter Pleie og omsorg i Etne kommune består av nye, moderne Etne Omsorgssenter, samt heimebaserte tenester med bemanna bustad i Etne og Skånevik.

Sal av flotte klede for dame og herre🤩🤩Velkomen til klessal på Etne omsorgssenter!Onsdag 04.11.2026 kl. 10.30
23/10/2026

Sal av flotte klede for dame og herre🤩🤩
Velkomen til klessal på Etne omsorgssenter!

Onsdag 04.11.2026 kl. 10.30

Koseleg haustfest med nydeleg pynta bord, gode smil og flott underhaldning frå Songperlene🎶🍂🍁🧡
15/10/2026

Koseleg haustfest med nydeleg pynta bord, gode smil og flott underhaldning frå Songperlene🎶🍂🍁🧡

Gleder oss til haustfest med viltgryte og dessert for bebuarane ved Skånevik og Etne Omsorgssenter 🍁 Ha ein fin dag alle...
14/10/2026

Gleder oss til haustfest med viltgryte og dessert for bebuarane ved Skånevik og Etne Omsorgssenter 🍁 Ha ein fin dag alle ☘️

05/10/2026

⚠️ KOKEVARSEL – SKÅNEVIK VASSVERK ⚠️

På grunn av det kraftige regnet er det mykje farge i råvatnet til Skånevik Vassverk.

Vassproduksjonen har vore stansa, men me er no nøydde til å starta produksjonen opp att for å oppretthalda vassforsyninga. Me kan på noverande tidspunkt ikkje garantera at vatnet blir tilstrekkeleg desinfisert.

Alle abonnentar må difor KOKE vatnet før det blir drukke eller brukt til matlaging.

Vatnet kan også ha farge og vera uklårt.

Det vil bli teke vassprøver for å kontrollera vasskvaliteten. Me sender ut ny informasjon så snart situasjonen endrar seg, og gir tydeleg beskjed når kokevarselet kan opphevast.

💧 Reduser vassforbruket

Me ber samtidig alle abonnentar om å redusera vassforbruket til det absolutt nødvendige inntil vidare.

Abonnentar i området Leknesvegen/Hagavik kan oppleva redusert vasstrykk. Me har framleis ikkje klart å lokalisera den større lekkasjen på leidningsnettet, og har difor redusert vasstrykket i dette området. Dette er eit nødvendig tiltak for å redusera vasstapet og bidra til at alle abonnentar i Skånevik framleis får vatn.

Me beklagar ulempene dette medfører og ber om forståing medan me arbeider med situasjonen.

Del gjerne meldinga slik at informasjonen når ut til flest mogleg.

Skånevik Vassverk SA

Haust på dagsenteret 🍂Me kosar oss med varm suppe i koppen og lagar fine haustdekorasjonar med kastanjar og andre materi...
02/10/2026

Haust på dagsenteret 🍂
Me kosar oss med varm suppe i koppen og lagar fine haustdekorasjonar med kastanjar og andre materialar frå naturen.
Fredag blei det tur til Hjørnås, med kaffipause på Røde Kors-hytta. Me var heldige med vêret og fekk nyte eit aldeles nydeleg haust dag på fjedle ☕🍁🍂

Takk for koselig besøk av Skånevik Barnehage denne veka☘️ Me har planlagt dagar for besøk av dei eldste ved Skånevik Bar...
18/09/2026

Takk for koselig besøk av Skånevik Barnehage denne veka☘️
Me har planlagt dagar for besøk av dei eldste ved Skånevik Barnehage og Enge Barnehage fram til jul til dei som bur ved Bemanna bu i Etne og Skånevik.
Det blir teikning, baking av julekaker og juletrepynting.
Gleder oss 🥰

16/09/2026
Pårørandeskule i Etne og Vindafjord – hausten 2026 - Påmelding har starta, ta kontakt ved spørsmål!.
07/09/2026

Pårørandeskule i Etne og Vindafjord – hausten 2026 - Påmelding har starta, ta kontakt ved spørsmål!.

Er du pårørande til ein person med demens? I haust inviterar Etne kommune og Vindafjord kommune til kurs. Påmeldinga opnar 10.august.

Takk til alle som bur på Etne og Skånevik omsorgssenter og var med på å lage god stemning i går på årets sommarfest🌼 Gri...
31/07/2026

Takk til alle som bur på Etne og Skånevik omsorgssenter og var med på å lage god stemning i går på årets sommarfest🌼 Grilling, is og Hawaipynta lokaler - og god musikk🎶🏝 God helg!🥰

31/07/2026

Pleie og omsorg har fått nytt sentralbord. Telefonnummeret er 53 75 81 40. Når du ringer dette nummeret vil du få fleire tasteval. Vel då det alternativet som passar for den avdelinga du ønskjer å kome i kontakt med, eller vent på svar.

Adresse

Holmavegen 30
Etne
5590

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Etne og Skånevik Omsorgssenter legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Etne

Vis Alle