Etne Kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Etne Kommune Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. JA TAKK! Kvifor?

Velkommen til Etne kommune si side på Facebook. Her får du nyttig informasjon og glimt frå Etne. All viktig informasjon frå Etne kommune finn du på heimesidene våre. Du treng ikkje ha Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommuenn. Sida blir administrert av kommunikasjonsavdelinga. Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Vestland fylke. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

-------------------------------------------

SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Gje oss gjerne dine kommentarar og spørsmål her! Kommunikasjonsavdelinga svarer på førespurnader om kommunen sine tenester i arbeidstida, så snart det er mogleg. Saker som krev sakshandsaming i kommunen, melder du frå om på andre måtar, til dømes i ein e-post til [email protected]
Kontaktinformasjon til ulike avdelingar finn du på nettsidene våre.

-------------------------------------------

SKRIV SAKLEG OG KORT

Ver sakleg i innhald og språk når du skriv innlegg her eller kommenterer andre sine innlegg, så vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar. Skriv du kort, vil fleire lese det du skriv.

-------------------------------------------

BLEI INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?

Å vere ueinig med kommunen er naturlegvis heilt greitt. Me heiar på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og ueinigheit høyrer demokratiet til. Facebook slettar innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Fordi hatefulle ytringar og anna grums hemmer den frie demokratiske debatten, og gjer at mange opplever sosiale medium og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har dessutan 13 års aldersgrense. Kommunen si Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom aleine, også for barn på 13 år. Vi kan velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen myndigheiter og medium står i for å kjempe mot villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar innlegg der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere, kan også bli sletta. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna.

-------------------------------------------

ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN BRUKAST AV ANDRE

Din eigen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernforordninga (GDPR). Når du følgjer, likar eller kommenterer ei Facebook-side, får Facebook tilgang til, og kan bruke, dei opplysningane og spora du legg igjen. Facebook sine retningsliner og personvernerklæring ifølgje Facebook sine retningsliner betyr innstillinga «offentleg» at du gjev alle tilgang og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte den til deg. I Facebook si personvernerklæring står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller gis tilgang til gjennom søkemotorar på Internett, API’ar eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på f.eks. Etne kommune si Facebook-side, kan lesast og brukast av andre.

-------------------------------------------

HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send spørsmål og kommentarar til [email protected], eller del dei med oss i ei Messenger-melding.

03/11/2026
Etne kommune er blant dei 27 beste kommunane i landet på heilskapleg verksemdsstyring🤩Les meir om vurderinga her:
29/10/2026

Etne kommune er blant dei 27 beste kommunane i landet på heilskapleg verksemdsstyring🤩
Les meir om vurderinga her:

Etne kommune er blant dei 27 kommunane i landet som fekk høgast poengsum i vurderinga av heilskapleg verksemdsstyring for 2025. Det kjem fram i Framsikt si kåring av «Beste heilskaplege verksemdsstyring».

Fysioterapeuten tilbyr bassengtrening 🏊‍♂️
27/10/2026

Fysioterapeuten tilbyr bassengtrening 🏊‍♂️

Har du ein skade eller lyte, kan bassengtrening vera eit godt supplement eller alternativ til trening på land.

Ledig 100 % fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiarVil du vere med å skape gode dagar for brukarane våre?Vi har ...
27/10/2026

Ledig 100 % fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiar

Vil du vere med å skape gode dagar for brukarane våre?

Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar med tiltreding snarast. Vi søkjer deg som er fagleg engasjert, sjølvstendig og som trivst med å samarbeide med andre.

Hos oss står brukarane i sentrum. Vi jobbar saman for å gi trygge, individuelle og meiningsfulle tenester, og legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der vi støttar og lærer av kvarandre.

✅ Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
✅ Sjølvstendig og ansvarsbevisst
✅ Samarbeidsvillig og positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
✅ Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for fagleg utvikling.

Interessert? Sjå full utlysing og søk her:

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

🧯 Er du førebudd dersom noko uventa skjer?Eigenberedskapsveka 2026 handlar om korleis me kan førebu oss på hendingar som...
26/10/2026

🧯 Er du førebudd dersom noko uventa skjer?

Eigenberedskapsveka 2026 handlar om korleis me kan førebu oss på hendingar som gjer at me må klare oss sjølve dersom straum, internett og mobilnett fell ut. Små førebuingar i kvardagen kan gjere ein stor forskjell – både for deg og dei rundt deg.

Les våre råd og tips til korleis du kan styrkje eigenberedskapen din! 👇

Samfunnsberedskapsplanen er laga for at Etne kommune ønskjer å vera tydeleg overfor innbyggjarane. Målet er å gje innbyggjarane eit betre grunnlag for å vera førebudde og kunna ta vare på seg sjølve, og kvarandre, når ekstraordinære situasjonar oppstår.

Adresse

Sjoarvegen 2
Etne
5590

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4753758000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Etne Kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Etne Kommune:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Etne

Vis Alle