Biblioteket på Fedje

Ring Veibeskrivelse Kontakt organisasjonen

Biblioteket på Fedje Eit lite men framifrå bibliotek.

26/10/2026

Biblioteket er dessverre stengt i dag, mandag 26. oktober.

Har du bøker du ønsker å levere inn denne dagen, kan desse leverast i innleveringsboksen ved døra.

Hei alle! I veke 42 og 43 blir det endra opningstider. Denne veka er vi open fredag i staden for torsdag, og neste veke ...
13/10/2026

Hei alle! I veke 42 og 43 blir det endra opningstider. Denne veka er vi open fredag i staden for torsdag, og neste veke er vi open onsdag i staden for torsdag. Dette gjer vi at vi kan halde opent to dagar i veka, sjølv om torsdag utgår 🌸

Velkommen innom! 📖📚

Velkommen til Forbodne bøker-veka! 📚I haustferien held vi opent mandag 17-19, tysdag 10-15, og torsdag 10-15. Velkommen!...
05/10/2026

Velkommen til Forbodne bøker-veka! 📚

I haustferien held vi opent mandag 17-19, tysdag 10-15, og torsdag 10-15. Velkommen!

Forbodne bøker-veka vert markert 4.– 10. oktober over heile verda, og set søkelys på sensur, ytringsfridom, demokrati, og for å feire at vi har fridomen og retten til å lese det vi vil.

Denne veka viser vi fram bøker som er eller har vore sensurerte, fjerna eller forbodne. Dette minner oss om at ytringsfridomen og fridomen til å lese ikkje kan takast for gjeve.

I utstillinga finn du mellom anna "Den vesle prinsen" av Antoine de Saint-Exupéry, "Brødrene Løvehjerte" av Astrid Lindgren, "Dødslekene"av Suzanne Collins, "A Court of Thorns and Roses" av Sarah J. Maas, og "Tjenerinnens beretning" (Handmaid's tale) av Margaret Atwood. Alle bøkene har på ulike vis vorte sensurerte, forbodne eller utfordra. Inni alle bøkene finn du informasjon om kvifor dei har vore begrensa, og kvar i verda det gjeld.

Biblioteka markerer veka fordi vi skal gi fri og lik tilgang til litteratur, kunnskap og ulike perspektiv. Biblioteket skal vere ein stad der alle kan lese, lære og gjere seg opp si eiga meining.

Kom innom og sjå utstillinga med forbodne og omstridde bøker - om du er modig kan du til og med ta dei med deg heim og lese sjølv 🤩

Ein fin kveld☺️😎😅
27/09/2026

Ein fin kveld☺️😎😅

Vått vêr. Tørre vitsar.

Klubbkveld på biblioteket med komikarar frå Stand Up Bergen og omegn! 🎤😄Gudmund Husdal, Lilian Maria Bjertnes, Kristoffe...
14/09/2026

Klubbkveld på biblioteket med komikarar frå Stand Up Bergen og omegn! 🎤😄

Gudmund Husdal, Lilian Maria Bjertnes, Kristoffer Wikre og Andreas Bach byter ut Ole Bull Scene, amerikanske TV-show og scener frå Karmøy til Knarvik med frisk bris og, forhåpentlegvis, eit forventningsfullt Fedje-publikum.

Programleiar for kvelden er bibliotekar Charlotte.

Ta med deg godt humør og kom på biblioteket for endå betre humør! Arrangementet er gratis.

Hei du! 🍂📚No er hausten her, og me gjer litt ekstra ut av tida på biblioteket. Ut månaden held me også ope tysdagar og e...
08/09/2026

Hei du! 🍂📚

No er hausten her, og me gjer litt ekstra ut av tida på biblioteket. Ut månaden held me også ope tysdagar og ein ekstra time på torsdagar, slik at fleire kan stikka innom.

Kom innom for ei god bok, ein kopp kaffi eller te, ein prat eller berre litt ro i godt selskap. Biblioteket skal vera ein stad der det er godt å vera, også når du ikkje har noko spesielt ærend.

Me håpar å sjå deg! ❤️

Biblioteket har sommarstengt i august 🌞Kom gjerne innom mandag eller torsdag denne veka for å låne bøker til ferien. Bib...
27/07/2026

Biblioteket har sommarstengt i august 🌞

Kom gjerne innom mandag eller torsdag denne veka for å låne bøker til ferien. Biblioteket er opent igjen som vanleg frå og med 31. august.

Har du bøker du vil levere inn i denne perioden kan du nytte innleveringsboksen ved døra.

God sommar! 🌻🌊🍀

02/07/2026

Biblioteket har fått innleveringsboks, som betyr at du kan levere bøker sjølv om biblioteket er stengt! 🥳📚✨

Boksen er plassert til høgre for inngangsdøra, og du bruker den ved å opne lokket heilt på toppen, så legg du bøkene nedi. Bøkene som kjem inn vert registrert som innlevert ved neste opningsdag.

Adresse

Kalvedalen 6
Fedje
5947

Åpningstider

Mandag 17:00 - 19:00
Torsdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4756165111

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Biblioteket på Fedje legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Biblioteket på Fedje:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten