Fitjar brann og redning

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Fitjar brann og redning Fitjar brann og redning - alltid i beredskap. Link til skjema for å melde om bruk av eld: https://www.rogbr.no/meldinger/melding-om-bruk-av-ild-utend%c3%b8rs

🚒 NY BRANNBIL 🚒Endeleg er den nye brannbilen vår på plass! 🤩Dette blir hovudverktøyet i beredskapen vår og skal nyttast ...
28/10/2026

🚒 NY BRANNBIL 🚒

Endeleg er den nye brannbilen vår på plass! 🤩

Dette blir hovudverktøyet i beredskapen vår og skal nyttast til alle dei lovpålagde oppgåvene brann- og redningstenesta har – frå brannar og trafikkulykker til redningsoppdrag og andre akutte hendingar.

At bilen kjem på plass i Totalberedskapsåret 2026, og akkurat til Eigenberedskapsveka, er både symbolsk og svært aktuelt.

Brann- og redningstenesta er ein viktig del av totalberedskapen i samfunnet. Me skal kunne levere tenestene våre også under større kriser og i krig. Det stiller store krav til både kompetanse, utstyr og evna til å oppretthalde ein robust beredskap – også under krevjande forhold.

Den nye bilen er eit viktig løft for den operative beredskapen, men også for helse, miljø og tryggleik (HMS) for mannskapa våre. Moderne løysingar og betre tilrettelegging skal bidra til tryggare og meir effektive arbeidsforhold for dei som rykkjer ut når andre treng hjelp.

Dette er ei svært viktig investering frå Fitjar kommune, som kjem alle innbyggjarar og andre som oppheld seg i kommunen, til gode.

God beredskap handlar ikkje berre om å handtere det som skjer i kvardagen, men også om å vere førebudd på det me håpar aldri skal skje.

Meir informasjon om den nye bilen kjem etter kvart, men allereie i morgon kan du sjå han på nært hald under beredskapsdagen i Fitjar sentrum mellom kl. 16.00 og 18.00! 🚒

📸 Foto: Egenes Brannteknikk

23/10/2026

🏠 EIGENBEREDSKAP ER EIT FELLES ANSVAR! 🚨

Kva gjer du dersom straumen, mobilnettet og internett blir borte i fleire dagar?
Neste veke er det Eigenberedskapsveka, og me oppmodar både innbyggjarar og verksemder til å tenkje gjennom sin eigen beredskap.

📍 Torsdag 29. oktober kl. 16–18 møter du oss i Fitjar sentrum!
🚒 Sjå den splitter nye brannbilen vår
📻 Bli med i kunnskapskonkurransen og vinn ein beredskapsradio
💬 Få gode råd om eigenberedskap og informasjon om kommunen sitt nye informasjonspunkt

Små førebuingar i kvardagen kan gjere ein stor forskjell når noko uventa skjer! ❤️

👉 Les meir om eigenberedskap og kva Fitjar kommune gjer for å vere førebudd i saka under 👇

https://www.fitjar.kommune.no/nyhetsarkiv/nyheter-forside/2026-10-23-eigenberedskap-er-eit-felles-ansvar---bade-for-innbyggjarar-og-verksemder

🚒 AKUTTHJELPARTRENING 🚑Når alvorleg sjukdom eller skade oppstår, kan minuttane vere avgjerande! ❤️Fitjar brann og rednin...
18/10/2026

🚒 AKUTTHJELPARTRENING 🚑

Når alvorleg sjukdom eller skade oppstår, kan minuttane vere avgjerande! ❤️

Fitjar brann og redning har ei akutthjelparteneste som er ein viktig del av den lokale helseberedskapen.

Akutthjelparane våre er eit viktig supplement til helsetenesta, og me har eit tett og godt samarbeid med dei andre aktørane i den akuttmedisinske kjeda.

Denne veka har mannskapa gjennomført den årlege retreninga i regi av Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Gjennom praktiske øvingar og repetisjon av livreddande førstehjelp held me kompetansen ved like, slik at me er best mogleg førebudde når alarmen går.

God trening, dyktige mannskap og godt samarbeid reddar liv! ❤️

🪵 Vedfyringens dag – 2. oktober 🔥Hausten er her, og for mange betyr det at fyringssesongen er i gang. Vedfyring gir både...
02/10/2026

🪵 Vedfyringens dag – 2. oktober 🔥

Hausten er her, og for mange betyr det at fyringssesongen er i gang. Vedfyring gir både varme og hygge, men riktig fyring er viktig for både branntryggleik, inneklima og miljø.

Nokre enkle råd for trygg og god fyring:

👉 Bruk tørr ved – helst under 20 % fukt
👉 Tenn frå toppen. Det gir reinare og meir effektiv forbrenning
👉 Sørg for god lufttilførsel når du fyrer
👉 Fyr med synleg flamme – ikkje la veden liggje og ulme
👉 Ikkje legg inn for mykje ved om gongen
👉 Brenn aldri malt, impregnert eller behandla trevirke
👉 Følg bruksrettleiinga for eldstaden

🎩 Feiing og tilsyn er også viktig for branntryggleiken. Feiing fjernar sot og belegg i skorsteinen og bidreg til å redusere risikoen for skorsteinsbrann. Ved tilsyn kontrollerer brannførebyggjaren mellom anna eldstad, skorstein og røykkanal – og kan samtidig gi gode råd om trygg og riktig fyring.

🔥 Og hugs: Ha fungerande røykvarslarar og sløkkjeutstyr lett tilgjengeleg.

Vi ønskjer alle ein trygg, varm og brannsikker fyringssesong! 🏠🔥

🚒 BARNEHAGEBESØK 🚒I samband med Brannvernveka har me i dag besøkt alle barnehagane i Fitjar 🤩Brannførebygging er noko av...
17/09/2026

🚒 BARNEHAGEBESØK 🚒

I samband med Brannvernveka har me i dag besøkt alle barnehagane i Fitjar 🤩

Brannførebygging er noko av det aller viktigaste me gjer, og barna er viktige ambassadørar i dette arbeidet 🧑‍🚒👨‍🚒

Alle førskuleborna fekk undervisning i branntryggleik. Dei skal få med seg Bjørnissekken heim og gjennomføre viktige oppgåver saman med Bjørnisbamsen 🧸

Brannbilen var sjølvsagt med, og alle borna fekk sjå i brannbilen og prøve brannslangen - med brannhjelm 🔥

Takk for besøket og ta vel i mot førskuleborna med fersk og viktig kunnskap 🧯

📷 bileta er tatt og godkjent av Bakken kystbarnehage

Open brannstasjon trekte fullt hus, med mange glade born og vaksne 🤩🚒Tusen takk til alle som besøkte oss, og til:🐻 Bjørn...
12/09/2026

Open brannstasjon trekte fullt hus, med mange glade born og vaksne 🤩🚒

Tusen takk til alle som besøkte oss, og til:

🐻 Bjørnis
⚡ Fagne DLE for premiar, brus og viktig informasjon
🚗 Veteranbilklubben for lån av kiosk
🎤 Fitjar kulturhus for lån av scene og lyd
🍦 REMA 1000 Fitjar for sponsing av is
🚒 Alle dei dyktige brannkonstablane våre!

For dei som ikkje fekk delta i Nasjonal brannquiz, finn de QR-koden på biletet under.

No startar Brannvernveka! Hugs å gjennomføre brannøving heime, på arbeidsplassen, skulen, i barnehagen og andre aktuelle stader ✅

Tusen takk for besøket, alle saman! 🤩

Mirjam og Thomas er våre nye brannkonstablar, og er no godt i gang med utdanningsløpet som ventar nye brannkonstablar fo...
03/09/2026

Mirjam og Thomas er våre nye brannkonstablar, og er no godt i gang med utdanningsløpet som ventar nye brannkonstablar for deltid 🔥

Å bli brannkonstabel handlar om langt meir enn å møte opp når alarmen går. Nye mannskap skal gjennom eit omfattande opplæringsløp med både teori og mykje praktisk trening.

📚 Nettkurs
Første del av utdanninga består mellom anna av nettbasert teori som gir grunnleggjande kunnskap om brann- og redningsarbeid.

🚒 Internopplæring i eige brannvesen
Her skal dei lære utstyret, bilane, rutinane og arbeidsmetodane våre å kjenne, og omsetje teori til praktiske ferdigheiter.

🎓 Grunnkurs
Etter internopplæringa ventar grunnkurs for brannkonstablar, der kunnskapen og ferdigheitene blir vidareutvikla gjennom både teori og praktiske øvingar.

🔥 Røykdykkarkurs
I tillegg skal nytilsette gjennomføre røykdykkerkurs. Her står tryggleik, samarbeid og arbeid i krevjande og uoversiktlege miljø sentralt.

❤️ Akutthjelparkurs
Alle nytilsette skal også gjennomføre grunnkurs for akutthjelparar i regi av Norsk Luftambulanse. Dette er ei viktig teneste på Fitjar, mellom anna fordi det kan vere lang utrykkingstid for ambulansen.

Det er med andre ord eit omfattande utdanningsløp som ligg bak ein ferdig utdanna deltidsbrannkonstabel – samtidig som opplæring og øving held fram gjennom heile tida ein er i brannvesenet.

Mirjam og Thomas har framleis mykje å lære og mange timar med trening framfor seg, men dei er godt i gang! 💪

Me er glade for å ha dei med på laget og ønskjer dei lukke til vidare i utdanninga! 🧑‍🚒👨‍🚒🚒

⚠️ Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.Din eld – ditt ansvar 🔥
17/07/2026

⚠️ Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.

Din eld – ditt ansvar 🔥

Adresse

Fitjarsjøen 55
Fitjar
5419

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fitjar brann og redning legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fitjar brann og redning:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten