Fitjar folkebibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Fitjar folkebibliotek Fitjar folkebibliotek er lokalisert i Fitjar kultur og idrettsbygg. Me har eit godt utvalg litteratur, lurer du på om ei bok er ledig?

Ei kjekk veke er over. Takk til Falturiltu - nynorsk litteraturfestival og den kulturelle skulesekken for mulighet til å...
06/11/2026

Ei kjekk veke er over. Takk til Falturiltu - nynorsk litteraturfestival og den kulturelle skulesekken for mulighet til å arrangere forfatterbesøk og delta på seminar om barnelitteratur. 📚
Foto: Randi Eiken Brekke og Silje Vågen Torbjørnsen

Elevane i 9a og 9b ved Rimbareid skule inviterer til bokbad 🛁 med forfattar Tor Arve Røssland, tysdag 3.november kl.10, ...
29/10/2026

Elevane i 9a og 9b ved Rimbareid skule inviterer til bokbad 🛁 med forfattar Tor Arve Røssland, tysdag 3.november kl.10, kultursalen, Fitjar kulturhus. Tor Arve Røssland er aktuell med boka "Alt er lov", ei spanande bok frå 2.verdskrigen med handling frå Os og Bergen. Gratis inngong. 📚

Har du høyrt om Boktober?   til NRK oppfordrer alle til å lese minst ei bok i oktober- og gjerne velge ei av bøkene dei ...
15/10/2026

Har du høyrt om Boktober? til NRK oppfordrer alle til å lese minst ei bok i oktober- og gjerne velge ei av bøkene dei forslår. Jonas Gard Støre har valgt "Fluenes herre" av William Golding. Den les også eg denne månaden. Ei bok om ein gjeng gutar som havnar på ei øde øy etter ein flystyrt og må lage seg eit samfunn - og kor gale det kan gå.
Boka er faktisk forsøkt fjerna på amerikanske skular. Det at bøker blir sensurert eller forbudt er ei inngripen på ytringsfridomen og tanken om at me har evne og lov til å velge sjølv kva me vil lesa.
Det blir snakka mykje om beredskap - men kva med mental beredskap? Å ha konsentrasjon og mental kapasitet til å setje seg inn i komplekse saker, å kunne setje ord saman til meining og kunne setje seg inn i andre sine liv og tankar - det styrker motstandskrafta og beredskapen vår.
Så gjer ein innsats for deg sjølv, og demokratiet: les ei bok i oktober 🍁🍂

Jeg hadde ikke tenkt på «Fluenes herre» som en bok noen kunne ønske å forby. Så oppdaget jeg at nettopp det har skjedd med boken jeg har valgt til Boktober.

Tusen takk til Marius Ulekleiv for sterkt og gripande foredrag i kveld. Du rørte oss alle med historien din, som ikkje m...
24/09/2026

Tusen takk til Marius Ulekleiv for sterkt og gripande foredrag i kveld. Du rørte oss alle med historien din, som ikkje minst gav håp; uansett kor mørkt det er, vil det bli lysare. Snakk med kvarandre - og del det som er vanskeleg.

Takk for samarbeidet til Ellinor Austad Bergesen og psykisk helse i kommune. Takk for uvurderlig økonomisk støtte frå Fitjar Kraftlag SA og takk for teknisk bistand til Fitjar Kultur og Idrettsbygg . Og takk til alle som kom og høyrde på.

23/09/2026

Visste du at du kan sitje heime og bestille bøker i appen Bibliofil (logg på med BankID) og hente dei i hentehylla som for tida står i foajeen i Kulturhuset.

Biblioteket er midlertidig stengt grunna oppussing. Vil du levere bøker? Bruk innleveringsboksen i inngangspartiet til k...
18/09/2026

Biblioteket er midlertidig stengt grunna oppussing.
Vil du levere bøker? Bruk innleveringsboksen i inngangspartiet til kulturhuset.

Vil du låne bøker? Du kan bestille bøker i appen Bibliofil eller du kan kontakte biblioteket for å låne.

På nettsida til biblioteket kan du lese om kva du kan gjere om du vil levere eller låne noko - eller kontakte biblioteket.

17/09/2026

Det nærmar seg 24.september og besøk av Marius Ulekleiv🤩. Sikra deg billett på ebillett.no/fitjar. Dette foredraget vil du ikkje gå glipp av! Saman med psykisk helse Fitjar kommune og Fitjar Frivilligsentral markerer me Verdsdagen for psykisk helse med dette foredraget. Foredraget er i kultursalen, Fitjar Kultur og Idrettsbygg As. Velkomen!

Med fantastisk innsats av eit godt team har me fått tømt biblioteket godt i dag. Tusen takk til Ellen Rolfsnes , Rita Hi...
11/09/2026

Med fantastisk innsats av eit godt team har me fått tømt biblioteket godt i dag. Tusen takk til Ellen Rolfsnes , Rita Hindersland Huse og Inger Skumsnes for hjelpa. Litt gjenstår å få ut av lokalet før ombygginga startar i veke 39. Det blir det samme lokale, men det vil bli ei ny inndeling, maling og noko nye møblar.

Følg med for oppdatering!

God helg til alle - hugs å sette av tid til å lesa ei bok 🤩 📚.

Adresse

Havnavegen 1
Fitjar
5419FITJAR

Åpningstider

Mandag 10:00 - 14:00
Tirsdag 13:00 - 18:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 13:00 - 16:00

Telefon

+4753458513

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fitjar folkebibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fitjar folkebibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten