09/10/2026
I dag har vi motteke det triste bodskapet om at vår kjære Randi Bergundhaugen har gått bort 💔😢
Randi har vore ei eldsjel i partiet i over 25 år, og stod på til det siste som ordførar i Vestnes. Ho hadde eit stort hjarte for frivillig arbeid, lokalsamfunnet og alle menneska ho møtte på vegen, og møtte dei med eit engasjement få kunne måle seg med ❤️
Vi har mista ein kjær person i Høgre-familien, og dette merkast særleg i Vestnes Høgre og blant alle som har arbeidd tett saman med Randi som ordførar, fylkestingsrepresentant og leiar for Kvinneforum i Møre og Romsdal 💙
Våre varmaste tankar går til familien i denne tunge tida ❤️Kvil i fred, kjære Randi 🕊️