Sula bibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Sula bibliotek Velkomen til Sula bibliotek på facebook! Her vil vi legge ut informasjon om bibliotektilbodet vårt og arrangement i biblioteket.

Facebook-siden er berre meint som ein informasjonskanal. Dersom det gjeld ein formell førespurnad ber vi deg sende ein e-post til [email protected] eller ringe oss direkte på 70199100.

Tusen takk til Margreth Olin og til alle dykk som kom på biblioteket i går! 😍 Det vart ein fin og minneverdig kveld.Arra...
04/11/2026

Tusen takk til Margreth Olin og til alle dykk som kom på biblioteket i går! 😍 Det vart ein fin og minneverdig kveld.

Arrangementet var i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal

Oana er klar til ei litt "skummel" og spanande lesestund for barnehagebarn...
28/10/2026

Oana er klar til ei litt "skummel" og spanande lesestund for barnehagebarn...

Halloweenverkstad på biblioteket!🎃🎃🎃Gamle bøker vart til gresskar og skummelt fint pynt! 👻 Barna klipte, brette og skapt...
27/10/2026

Halloweenverkstad på biblioteket!🎃🎃🎃

Gamle bøker vart til gresskar og skummelt fint pynt! 👻 Barna klipte, brette og skapte, og fekk ta med seg kunstverka heim. Vi er så stolte av alle dei flinke skaparane våre!

Takk til alle som var med! 🤩

bruk

Kva gjer du dersom straumen og nettet blir borte?Årets Eigenberedskapsveke 2026 handlar om korleis vi kan vere førebudde...
26/10/2026

Kva gjer du dersom straumen og nettet blir borte?
Årets Eigenberedskapsveke 2026 handlar om korleis vi kan vere førebudde dersom elektronisk kommunikasjon fell bort. Då er det viktig å vite kvar du finn påliteleg informasjon, korleis du held kontakt med andre, og kvifor kunnskap på papir framleis har ein verdi.

På biblioteket finn du bøker om beredskap, matlaging, helse, friluftsliv og praktiske ferdigheiter. Kunnskap treng ikkje internett.
Dagens boktips: Den lille beredskapsboken

Måndagsmorgon+fulle innleveringskasser=sant.Eit sikkert teikn på at sulamittane les bøker, og at dei brukar biblioteket ...
26/10/2026

Måndagsmorgon+fulle innleveringskasser=sant.
Eit sikkert teikn på at sulamittane les bøker, og at dei brukar biblioteket sitt.
Velkommen innom denne veka!😊

Takk for i år, og takk til alle som har besøkt utebiblioteka denne sesongen!No er dei nynorske barnebøkene henta inn til...
23/10/2026

Takk for i år, og takk til alle som har besøkt utebiblioteka denne sesongen!
No er dei nynorske barnebøkene henta inn til biblioteket, og utebiblioteka er "pakka inn" og tek vinterpause.

Vi vil takke Gert Rietman for ei interessant,  personleg, varm og humoristisk formidling av si nye bok" På sidelinja i N...
20/10/2026

Vi vil takke Gert Rietman for ei interessant, personleg, varm og humoristisk formidling av si nye bok" På sidelinja i Noreg" på biblioteket i kveld. Boka handlar om å finne seg til rette i eit nytt land. Gjennom forteljingane i boka møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er.

Visste du at du kan bruke symaskin på biblioteket ditt? Den står i berekraftskroken vår✂️🧵I dag er det Victoria som er i...
14/10/2026

Visste du at du kan bruke symaskin på biblioteket ditt? Den står i berekraftskroken vår✂️🧵
I dag er det Victoria som er innom for å sy.

Adresse

Fyllingvn . 11
Langevåg
6030

Åpningstider

Mandag 11:00 - 15:00
Tirsdag 11:00 - 18:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 11:00 - 18:00
Fredag 11:00 - 15:00

Telefon

+4795710241

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sula bibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sula bibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Langevåg

Vis Alle