09/11/2026
Forskarar vil gjerne oppdage demensrisiko tidlegare hos personar med Parkinsons sjukdom for å kunne gi dei betre hjelp.
👩🏻🔬 Ved Stavanger universitetssjukehus har dei no kome eit steg vidare på vegen. Dei har funne ut at genetiske kjenneteikn i arvestoffet kombinert med opplysningar om symptomar hos pasientane kan gjere det lettare å identifisere kven som har auka risiko for å utvikle demens.
Funna kan bidra til at personar med høgare risiko blir inkludert tidlegare i studiar av behandling som skal førebyggje eller forseinka demens. 🧠
Det finst enno ingen test som kan føreseie om kvar enkelt vil utvikle demens. Men resultata frå prosjektet ParkDem blir alléreie brukte i forsking og kliniske studiar i Noreg og internasjonalt.
Forskingsrådet har støtta prosjektet. Les meir om forskinga og vegen vidare her 👉 https://bit.ly/4iZFKx6
Vi investerer i forskning og innovasjon som bygger kunnskap for en bærekraftig framtid og møter de store samfunnsutfordringene.