Kvinnherad kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Kvinnherad kommune Velkommen til Kvinnherad si facebookside. Sida er meint som ein ekstra informasjonskanal.

Sendinga frå dagens kommunestyremøte er no oppe igjen.Torsdag føremiddag var det tendensar til hektiske kinn i både poli...
29/10/2026

Sendinga frå dagens kommunestyremøte er no oppe igjen.
Torsdag føremiddag var det tendensar til hektiske kinn i både politisk og administrativ leiing, då streaminga frå kommunestyremøtet ikkje fungerte som ho skulle. No gjer ho det.
Meir info i lenka i kommentarfeltet.

Kommune-TV nede – sakshandsaminga utsettAventia, som er kommunen sin leverandør av kommune-tv og sakshandsaming i dei po...
29/10/2026

Kommune-TV nede – sakshandsaminga utsett
Aventia, som er kommunen sin leverandør av kommune-tv og sakshandsaming i dei politiske møta, er nede over heile landet når kommunestyret 29. oktober skulle starta. Politisk behandling av saklista er førebels sett på vent til systemet er oppe og går igjen.
Tilbakemelding frå Aventia er at dette er ein feil som gjeld ALLE i landet som har opptak av møte no. Opptaka går som dei skal, men det er inga direktesending.
– Aventia jobbar på spreng og håper det løyser seg raskt slik at publikum kan sjå sendinga, melder dei.
Ordførar Vegard Bjørnevik har orientert kommunestyret om situasjonen, og ein går ikkje i gang med behandling av dei politiske sakene før sendinga er i gang, slik at alle som ynskjer det kan følgja med på kommunestyret.

28/10/2026

Sunde barnehage har ledig 60% barnehagelærar med oppstart snarast.
40% av stillinga er fast stilling, 20% av stillinga er midlertidig/prosjekt fram til 30.07.2027
Blant arbeidsoppgåvene er ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar.

Sunde barnehage har behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær, og ser etter deg som ønskjer ...
28/10/2026

Sunde barnehage har behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær, og ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.

Kvinnherad kommune Sunde barnehage

Har de planar om å skipa til aktivitetar i 2027 for barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanfors...
27/10/2026

Har de planar om å skipa til aktivitetar i 2027 for barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap? No kan de søkja støtte til aktivitetane.
Lenke til sak på Kvinnherad kommune sine sider i kommentarfeltet, eller gå rett til Bufdir og følg framgangsmåten der.

Offentlige instanser, frivillige organisasjoner og private aktører kan søke om tilskudd til aktiviteter rettet mot barn og unge som av ulike grunner står i fare for å havne i utenforskap.

Bassenget på Undarheim skule vert stengt veke 44 grunn nødvendig vedlikehald på teknisk reinseanlegg.📸 Pixabay.com
27/10/2026

Bassenget på Undarheim skule vert stengt veke 44 grunn nødvendig vedlikehald på teknisk reinseanlegg.
📸 Pixabay.com

Verdas ergoterapidag blir markert kvart år 27. oktober. I år ønskjer ergoterapeutane i Kvinnherad å retta søkjelyset mot...
27/10/2026

Verdas ergoterapidag blir markert kvart år 27. oktober. I år ønskjer ergoterapeutane i Kvinnherad å retta søkjelyset mot den nye rapporten frå Agenda Kaupang som viser at tidleg, målretta ergoterapi kan redusera eller utsetja behovet for meir omfattande helse- og omsorgstenester, og at ergoterapi er ei viktig investering i berekraftige tenester for framtida.
Følg lenka i kommentarfeltet for å lesa meir om det ergoterapeutane er opptatte av!

Eigenberedskapsveka har blitt gjennomført årleg sidan 2019 i veke 44, som i år er i perioden 26. oktober-1. november. Te...
27/10/2026

Eigenberedskapsveka har blitt gjennomført årleg sidan 2019 i veke 44, som i år er i perioden 26. oktober-1. november. Tema for årets Eigenberedskapsveka er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon.
Les meir om kva du kanskje bør tenkja på i så måte via lenka i kommentarfeltet.
Foto: Simen Prestaasen/DSB

Det nærmar seg fristen for å vera med og sikra oss viktige innspel i planlegginga av framtidige omsorgsplassar for eldre...
27/10/2026

Det nærmar seg fristen for å vera med og sikra oss viktige innspel i planlegginga av framtidige omsorgsplassar for eldre. Viss du vil bidra, så bruker du lenka i kommentarfeltet for å finna både meir informasjon og skjema til å gje innspel via!
📸 KI-generert

Statnett har utarbeidd ein søknad om midlertidig omlegging av 300 kV Sauda-Blåfalli for gjenbruk av trase ved Bergstølsv...
26/10/2026

Statnett har utarbeidd ein søknad om midlertidig omlegging av 300 kV Sauda-Blåfalli for gjenbruk av trase ved Bergstølsvatnet, Kvinnherad kommune.
Sjå lenke i kommentarfeltet for meir informasjon.

Adresse

Rosendalsvegen 10
Rosendal
5470

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4753483100

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kvinnherad kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvinnherad kommune:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten