30/10/2026
Facebook stiller frå november nye krav som gjer at kommunen ikkje kan bruke plattformen som før. Endringar dei siste åra har også gjort at Facebook ikkje fungerer like godt som før til å nå ut til befolkninga.
Gloppen kommune er no på plattformen Hudd der vi kan spreie nyhende frå nettsida. Hudd er eit nordisk sosialt nettverk, som ikkje er knytt til Meta. "Hudd" er ei fornorsking av hood, som i neighborhood, -på norsk nabolag. Hudd liknar Facebook, men har eit meir lokalt fokus.
Vi ber innbyggarane våre følgje oss over til Hudd. Last ned appen, og lag ein brukar om du ikkje alt har ein! I innhaldskategoriar kan du hake av for Gloppen. Då vil du få opp innhald frå andre innbyggarar og organsiasjonar i Gloppen, mellom anna Gloppen kommune.
Viktig - Leitar du etter informasjon frå Gloppen kommune - gå til kilden - som er nettsida vår. Der skal du alltid finne det du treng!