Gloppen folkebibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Gloppen folkebibliotek Leseglede! Uavhengig møteplass. Arena for offentleg samtale og debatt

Sigbjørn Skåden og Hilde Hagerup er vinnarar av Nordisk råds litteraturpris for vaksne, og for barn og unge 2026! Og vi ...
20/10/2026

Sigbjørn Skåden og Hilde Hagerup er vinnarar av Nordisk råds litteraturpris for vaksne, og for barn og unge 2026! Og vi har bøkene!

15. oktober er det frist for å stemme fram vinnaren av Bibliotekenes litteraturpris 2026. Bibliotekets litteraturpris va...
12/10/2026

15. oktober er det frist for å stemme fram vinnaren av Bibliotekenes litteraturpris 2026.
Bibliotekets litteraturpris vart stifta i 2022, og skal gå til ei norsk bok for vaksne utgitt i løpet av dei siste fem åra. Litteraturprisen er ein inkluderande pris som famnar vidt på kryss av litterære uttrykk.

Du kan stemme ved å gå inn på biblioteketslitteraturpris.no

NY DAG TIL DATAHJELPA! Frå no av kjem datahjelpa på tysdagar, men til same tid & stad: kl 13-14 på Det runde rom. Vel mø...
12/10/2026

NY DAG TIL DATAHJELPA!
Frå no av kjem datahjelpa på tysdagar, men til same tid & stad: kl 13-14 på Det runde rom. Vel møtt!

Endra opningstider i haustferien! Meirope er som vanleg ope frå kl 07-23 kvar dag.
02/10/2026

Endra opningstider i haustferien!
Meirope er som vanleg ope frå kl 07-23 kvar dag.

Vil du vere med på Boktober? NRK og podcasten Leseklubben oppfordrar heile Norge til samlesnad i oktober. Leseklubben ha...
30/09/2026

Vil du vere med på Boktober? NRK og podcasten Leseklubben oppfordrar heile Norge til samlesnad i oktober. Leseklubben har valt ut fem bøker som skal lesast av kvar sin kjende person.
Slik gjer du det:
1. Gå inn på nrk.no, søk opp Leseklubben og Boktober.
2. Vel bok - og lagførar.
3. Lån bok på biblioteket ditt, eller kjøp den i din lokale bokhandel. Bøkene vil og vere tilgjengelege som lydbøker i NRK radio frå 1. oktober.
4. Følg podcasten Leseklubben i oktober for å lytte til boksamtalane.
5. Eller gjer det slik det passer best for deg 🤓📚

Vi gler oss til Anja Bruland kjem til biblioteket tysdag! Anja har 15 år med erfaring frå Blomsterhagen på Abildsø i Osl...
27/09/2026

Vi gler oss til Anja Bruland kjem til biblioteket tysdag!
Anja har 15 år med erfaring frå Blomsterhagen på Abildsø i Oslo, der dei dyrka økologiske blomster til bukettar og dekorasjonar. Vi kan love eit inspirerande foredrag, og mange tips & smarte triks.

Det vert pause i foredraget med kaker, kaffi og loddsal.

Tysdag 29. september, kl 19-21
Inngang: 150 kr. Billettar får du kjøpt på trivelshagen.no / Kr 0 for medlemmar i hagelaget.
Vel møtt!

SNITTBLOMSTER I HAGEN MED ANJA BRULANDGloppen folkebibliotek tysdag 29. september kl. 19.00.Anja Bruland har 15 års erfa...
15/09/2026

SNITTBLOMSTER I HAGEN MED
ANJA BRULAND

Gloppen folkebibliotek
tysdag 29. september kl. 19.00.

Anja Bruland har 15 års erfaring med dyrking og bruk av snittblomster i Blomsterhagen på Abildsø. Ho fortel om eigna sortar, tips og triks. Målet med foredraget er å inspirere og bidra til at fleire oppdagar gleda med å dyrke fleire blomster i hagane, og å kunne hauste til binding av bukettar.

Anja er utdanna økologisk agronom frå Sogn Jord og Hagebruksskule og gartnar frå Hjeltnes gartnerskole. Ho er ein inspirerande gründer, som står bak ei av dei mest kjende hagebedriftene i landet, Blomsterhagen på Abilsø, no med namn Floramuse (sjekk blomsterhagen.no). Ho har også skrive to bøker, Buketter fra Blomsterhagen (Cappelen Damm) og Kunsten å dyrke snittblomster (Flora Forlag).

Det blir lotteri, kaffi og noko å bite i ☕ Alle er velkomne, så ta med ein ven og bli med ☺️

Salg av billett på: trivselshagen.no
* gratis for hagelagsmedlemmer /
*150 kr. for "ikkje-medlem".
(PS! Det er mogleg å melde seg inn i hagelaget ved inngangen til foredraget og få gratis billett 😊)

Arrangører : Gloppen folkebibliotek og Gloppen Hagelag

DATAHJELPA! Mandag 14. september kjem dei hyggelege karane frå Seniornett Gloppen til biblioteket og Det runde rom. Der ...
10/09/2026

DATAHJELPA! Mandag 14. september kjem dei hyggelege karane frå Seniornett Gloppen til biblioteket og Det runde rom. Der er dei frå klokka 13 til 14, og hjelper deg å løyse både store og små dataproblem. Karane kjem kvar mandag utover hausten. Vel møtt!

Biblioteket viser Hans Majestet Kong Harald V si gravferd onsdag 9. september, frå klokka 11:45. Vi opnar Det runde rom ...
07/09/2026

Biblioteket viser Hans Majestet Kong Harald V si gravferd onsdag 9. september, frå klokka 11:45.
Vi opnar Det runde rom slik at dei som vil kan sjå seremonien i saman.

Adresse

Firdavn. 21
Sandane
6823

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Gloppen folkebibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gloppen folkebibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Sandane

Vis Alle