Volda folkebibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Volda folkebibliotek Velkomen til Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek! Du når oss i skranken, på telefon eller e-post.

Visste du at Lydvandring Volda byrjar rett utanfor biblioteket vårt? Lydvandringa vil vere tilgjengeleg ut 2026 og er ei...
12/10/2026

Visste du at Lydvandring Volda byrjar rett utanfor biblioteket vårt? Lydvandringa vil vere tilgjengeleg ut 2026 og er ei lydguida kulturoppleving i Volda sentrum, der ein brukar sin eigen mobiltelefon og øyreproppar/hovudtelefonar.

På www.lydvandring.no kjøper ein billett til ei avspeling der ein blir guida rundt med lyd på øyret. Med både lokale forteljarar, dramatisering, lyddesign og musikk. Ein blir tatt med på ei reise i tid, men også ei reise i seg sjølv.
Turen varer ein time og 20 minutt på 3,5 kilometer. Frå rådhuset, rundt om i sentrum, opp Elvadalen og avsluttast ved Høgskulen. Ein kan gå når ein sjølv vil, året rundt.
Noko av tematikken elles er Ivar Aasen og nynorsk, vikingtid og båtbygging, fyrbyggjarane, kyrkjebrannen, den gjerrige sunnmøringen og meir! Med er både lokale forteljarar, dramaelevar, Are Kalvø, «Kjell Kjellen Bigset», Ingvild Bryn og andre.

I samband med verdsdagen for psykisk helse laurdag 10. oktober fremjar vi bøker knytt til psykisk helse, førebygging, ps...
12/10/2026

I samband med verdsdagen for psykisk helse laurdag 10. oktober fremjar vi bøker knytt til psykisk helse, førebygging, psykiske lidingar og livshistorier. Tema for årets markering er: Tillit er beredskap. I møte med uro, frykt og splitting er tillit ei av dei sterkaste motkreftene vi har!

Sensur avgrensar tilgangen til litteratur, informasjon og eit mangfald av stemmer. Denne veka markerer fleire land "Forb...
05/10/2026

Sensur avgrensar tilgangen til litteratur, informasjon og eit mangfald av stemmer. Denne veka markerer fleire land "Forbodne bøker"-veka for å setje fokus på sensur, ytringsfridom og demokrati - og for å feire fridomen til å lese det ein vil. Vi har stilt ut eit knippe bøker som har blitt sensurert, eller forsøkt sensurert, i ulike land. Anten du vil låne ei "forboden" bok, eller akkurat den boka du ynskjer å lese, er du alltid velkomen til oss!

02/10/2026

I oktober set vi ekstra søkjelys på ABC for god psykisk helse ❤️

Dei beste seta i salen fylte seg tidlig opp før gratisvisninga av Superkompisene i går! Tusen takk til alle som kom og f...
23/09/2026

Dei beste seta i salen fylte seg tidlig opp før gratisvisninga av Superkompisene i går! Tusen takk til alle som kom og feira sommarles saman med oss

Eit kjempeløft for biblioteka i fylket vårt!Prosjektet «AI trust Libraries» skal undersøke korleis biblioteka kan styrke...
16/09/2026

Eit kjempeløft for biblioteka i fylket vårt!
Prosjektet «AI trust Libraries» skal undersøke korleis biblioteka kan styrke demokratisk beredskap gjennom praktisk opplæring i kunstig intelligens. Partnarar frå fire europeiske land deltek i satsinga.

📚🤖 Møre og Romsdal får EU-støtte til nytt KI-prosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda har fått 4,3 millionar kroner frå EU til å utvikle KI-opplæring gjennom folkebiblioteka.
Dei neste tre åra skal bibliotek i fleire europeiske land teste nye aktivitetar og læringsopplegg som skal gi folk betre forståing av kunstig intelligens og styrke deltakinga i demokratiet.
Målet er at biblioteka skal vere ein stad der alle kan lære meir om ei teknologi som påverkar stadig meir av kvardagen vår. 📖💡

Les meir her: https://mrfylke.no/nyheiter/far-4-3-mill-kr-til-ki-og-demokratisatsing-pa-biblioteka.41761.aspx

Høgskulen i Volda

Då har vi gjennomført trekning av kjekke ekstrapremiar til årets Sommarles! Vinnarane blir kontakta direkte
08/09/2026

Då har vi gjennomført trekning av kjekke ekstrapremiar til årets Sommarles! Vinnarane blir kontakta direkte

1. september er nasjonal bibliotekdag! No ligg også filmen The Librarians tilgjengeleg for strøyming på https://filmotek...
01/09/2026

1. september er nasjonal bibliotekdag! No ligg også filmen The Librarians tilgjengeleg for strøyming på https://filmoteket.no/

Om filmen: I dagens Amerika opplever bibliotekarer politisk polarisering mens de står under press av en enestående bølge av bokforbud som har startet i Texas, Florida og andre steder. Etter hvert som krisen eskalerer, slår de seg sammen som uventede forsvarere på frontlinjene for demokratiet."

Filmoteket er ei gratis teneste for strøyming av film. Ein må ha nasjonalt lånekort for å nytte tenesta.

Adresse

Stormyra 2
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 12:00 - 19:00
Tirsdag 12:00 - 16:00
Onsdag 12:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 19:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4770058850

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Volda folkebibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda folkebibliotek:

Snarveier

Del

Kategori