Ål introsenter

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Ål introsenter Ål introsenter held til på Ål kulturhus. Avdelinga har ansvar for busetting og oppfølgning av fl I 2021 skal kommunen busette 14 flyktningar.

Ål introsenter har ansvar for busetting og etablering av flyktningar med opphaldsløyve. Dei fleste flyktningane som blir busette i norske kommunar no er overføringsflyktningar (også kjent som kvoteflyktningar), frå mellom anna Syria, Kongo og Eritrea. Vi har stort fokus på at våre nye innbyggarar skal kjenne seg heime og bli tatt vel i mot i Ål kommune.

Ål introsenter har også ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiegjenforeinte i Ål og Hol kommune. Skulen tilbyr også norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for norskopplæring. På denne sida vil du finne informasjon om kva som skjer ved Ål introsenter.

🍁GOD HAUSTFERIE!🍁Denne veka er det ingen ordinær norskopplæring - men deltakarane i introduksjonsprogrammet har ikkje fe...
30/09/2026

🍁GOD HAUSTFERIE!🍁

Denne veka er det ingen ordinær norskopplæring - men deltakarane i introduksjonsprogrammet har ikkje ferie😊 Dei starta veka med ein flott fjelltur på Veståsen med friluftslivsquiz, grillspydspikking, bål og pølsegrilling⛰️🥾🌭

Resten av veka er deltakarane i praksis. For dei fleste består introduksjonsprogrammet av tre dager norskopplæring og to dagar praksis ute på ein arbeidsplass. Det er verdifullt med nokre ekstra dagar i praksis i blant, for å få eit enda større innblikk i kvardagen på arbeidsplassen og få praktisert språket🙌

🚒 HMS-dag på Torpomoen 🚒Tusen takk til Torpomoen og Grind forsikring for nok ein nyttig og lærerik tryggleiksdag i går⛑️...
23/09/2026

🚒 HMS-dag på Torpomoen 🚒

Tusen takk til Torpomoen og Grind forsikring for nok ein nyttig og lærerik tryggleiksdag i går
⛑️☀️🍁

Rundt 50 elevar fra Ål introsenter fikk lære om førstehjelp, brann, trafikktryggleik og HMS gjennom både teori og praktisk øvingar.

Dette er viktig kunnskap som alle treng å få oppfriska og praktisert, og vi ser stor pris på tilbodet. Både elevar og lærarar var svært nøgde med dagen 🔥🧯🚑🩺🦺👩‍🚒

Velkommen på språkkafé i morgon💚
22/09/2026

Velkommen på språkkafé i morgon💚

🙋🏻‍♀️NABOLAGET KAFE 🙍🏾‍♂️
- en hyggelig språkkafe for alle.
23. September kl 18.00 på
Ål frivilligsentral

Program:
📍Quiz
📍spill og prat i små grupper
📍te, kaffe og kake
📍premier

Velkomen til alle!

Regjeringa opnar for at jobb kan vere ein veg til permanent opphald for ukrainarar. No skal forslaget ut på høyring.www....
18/09/2026

Regjeringa opnar for at jobb kan vere ein veg til permanent opphald for ukrainarar. No skal forslaget ut på høyring.

www.nrk.no/norge/regjeringen_-ukrainere-kan-soke-om-oppholdstillatelse-hvis-de-er-i-jobb-1.18027736?fbclid=IwcGRvZgRleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZA80Mzc2MjYzMTY5NzM3ODgAAR6cmcrLHPUMCsL5jgq61KEUZ3fA6xCAoM_owUNqwgFeoLugJwN5BbXCXEcakQ_aem_rgcVl4j23nPY1u3dTC0MmA

Regjeringen åpner for at ukrainere som er i jobb kan søke om permanent opphold. I tillegg forlenger de den midlertidige kollektive beskyttelse for ukrainere ut 2027.

☀️🌿FRILUFTSDAG🌿☀️Førre veke fekk elevane ved Ål introsenter vere med på ein innhaldsrik friluftsdag i regi av Folkehelse...
16/09/2026

☀️🌿FRILUFTSDAG🌿☀️

Førre veke fekk elevane ved Ål introsenter vere med på ein innhaldsrik friluftsdag i regi av Folkehelse i Hallingdal🏕️

Målet med dagen var å gi fleire høve til å bli kjende med norsk friluftsliv gjennom lågterskel aktivitetar og gode naturopplevingar🍁

Elevane fekk prøve ulike aktivitetar og lære meir om tema som allemannsretten, sporlaus ferdsel, bålvett, pakking av sekk, bruk av primus og etablering av leirplass. Det var òg høve til å lære om hjarte- og lungeredning og sjå demonstrasjon frå brann og redning⛺️🔥🎒🥾⛰️🛟

Dagen baud på både meistring, nye erfaringar og ikkje minst felles lunsj ute i det fri. For mange vart dette eit møte med friluftslivet som forhåpentlegvis inspirerer til fleire turar og naturopplevingar i framtida💚

Dei 25 000 ukrainarane som kom til Noreg i 2022 lever i uvisse om kva som skjer når den kollektive beskyttelsen går ut n...
16/09/2026

Dei 25 000 ukrainarane som kom til Noreg i 2022 lever i uvisse om kva som skjer når den kollektive beskyttelsen går ut neste år. Mange har fått jobb, lært seg norsk og skapt seg ein kvardag her. Då er det krevjande å ikkje vite korleis det neste året vil sjå ut.

Tiden er i ferd med å renne ut for familien Pastukh og 25.000 ukrainske flyktninger som fikk kollektiv beskyttelse i 2022.

🚀BESØK FRÅ BUSKERUD FYLKESKOMMUNE🚀I går hadde vi fint besøk frå Buskerud fylkeskommune. Fylkeskommunen er på ein runde i...
19/08/2026

🚀BESØK FRÅ BUSKERUD FYLKESKOMMUNE🚀

I går hadde vi fint besøk frå Buskerud fylkeskommune. Fylkeskommunen er på ein runde i fylket for å høyre om korleis kommunane jobbar med busetting og integrering, samt informere om og få innspel til kommande års busettingsarbeid.

Fylkeskommunen var godt representert med tilsette frå integrering, karriererettleiing, utdanning, samfunn og folkehelse.

Vi fekk gode samtalar om kva som skal til for lykkast med busetting og inkludering. Fylkeskommunen ville gjerne høyre om vårt arbeid og kva vi ser som både moglegheiter og utfordringar i tida som kjem. Vi fortalte blant anna om korleis vi jobbar med praksis som veg til jobb, vår satsing på praksisnær opplæring og arbeidsretting, vårt gode samarbeid med lokalt næringsliv, NAV og frivilligheit, vår kultur for å tenke utvikling, samt vårt fokus på synelegheit, ressursar og relasjonsbygging.

Vi fekk gode samtalar, og også nyttig informasjon om kva fylkeskommunen jobbar med og kan bidra med. Vi set stor pris på at fylkeskommunen tek seg tid til å komme rundt og møte oss, og vi ser fram mot eit godt samarbeid framover også!🌸

Takk for besøket og velkommen tilbake😊

Frå venstre: Morten Barasinski (teamleiar Ål introsenter), Sissel Skrindo (kommunalsjef oppvekst Ål kommune), Kjersti Hagen (rådgivar utdanning Buskerud fylkeskommune), Ann Helen Smestad (busettingsansvarleg Ål introsenter), Kristine Novak (leiar for Karriere Buskerud), Danies Inglis (seksjonsleiar for samfunn og folkehelse Buskerud fylkeskommune), Silje Landsmann-Wiwe (leiar for Ål introsenter) og Tewasen Teshome (seniorrådgivar integrering Buskerud fylkeskommune) - med eit nydelig bilete av Ragnhild Nes frå sommarutstillinga i Galleri Syningen i bakgrunnen🌟

🌟FØRSTE SKULEDAG🌟I går var vi så heldige å få ønske nesten 60 elevar velkommen til nytt skuleår ved Ål introsenter. Vi g...
18/08/2026

🌟FØRSTE SKULEDAG🌟

I går var vi så heldige å få ønske nesten 60 elevar velkommen til nytt skuleår ved Ål introsenter. Vi gler oss til bli kjent med nye elevar og til å jobbe vidare med tidligare elevar🌸

Vi held fram med fokus på praksisnær undervisning og arbeidsretting. Målet vårt er å førebu elevane våre best mogleg på livet i Noreg, med tanke på utdanning, jobb, samfunnsliv og kvardag.

Vi ser fram til eit skuleår med flotte elevar og masse læring & utvikling🚀

PS: Vi har framleis ledige plassar! Ta kontakt viss ønsker meir info om tilbodet vårt📮

☀️SOMMARFERIEPROGRAM☀️I ferieprogrammet i sommar har deltakarane i introduksjonsprogrammet - i tillegg til praksis - ful...
18/08/2026

☀️SOMMARFERIEPROGRAM☀️

I ferieprogrammet i sommar har deltakarane i introduksjonsprogrammet - i tillegg til praksis - fullført kurs i både Livsmeistring - migrasjon, helse og mangfald, og i Karrierekompetanse.

Karrierekompetansekurset tek for seg refleksjonar og diskusjonar rundt fortid, notid og framtid for temaa “meg sjølv i kontekst”, “endring og stabilitet”, “tilpassing og motstand”, “val og tilfeldigheiter” og “moglegheiter og begrensningar”. Det har vore mange interessante og lærerike samtalar.

Vi har sjølvsagt også tatt dei med til fjells⛰️🫐😍 Det er mogleg å dra mange parallellar til kursinnhaldet i møte med naturen🌟

Lykke til Krystyna - vi heiar på deg💅🙌
14/08/2026

Lykke til Krystyna - vi heiar på deg💅🙌

Velkommen til oss Krystyna.
Krystyna er fra Ukraina og er no i norskopplæring med praksisplass hjå oss som negledesigner. Ho har 5 års erfaring og gleder seg til å jobbe med dette i Norge. Bestill time og få fine negler og Krystyna får øvd seg på norsk. Du får 50% på alle neglebehandlinger

Adresse

Myren 40
Ål
3570

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ål introsenter legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ål introsenter:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Ål

Vis Alle