Kultur i Ål kommune

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Kultur i Ål kommune Me bidreg for å sikre breidde og mangfald i kulturtilbodet i heile Ål kommune.
⭐️Årets kulturkommune 2021-2023
📍Tingstugu

Ein stor takk til politikarane våre, alle frivillige, lag og organisasjonar, kulturaktørar og eldsjeler i Ål kommune!🤩De...
25/09/2026

Ein stor takk til politikarane våre, alle frivillige, lag og organisasjonar, kulturaktørar og eldsjeler i Ål kommune!🤩

Det er engasjementet, innsatsen og kjærleiken de har til kultur som har gjort at Ål kan vere stolte av å vera best på kultur i Buskerud og nummer 3 i heile landet!

I år er det og 40 år sidan Ål fekk sin fyrste kultursjef, Espen Sørås. Det gjev oss ei ekstra god anledning til å sjå tilbake på fire tiår med målretta kulturarbeid, politiske prioriteringar, frivillig innsats og eit sterkt lokalt engasjement.

Dagens resultat er ikkje skapt over natta. Det byggjer på innsatsen til mange menneske gjennom mange år. Menneske som har sett verdien av kultur, skapt møteplassar, teke initiativ og bidrege til at kulturen har fått ein viktig plass i lokalsamfunnet vårt.

Me er utruleg stolte og takksame for å få vere med på detta laget🥰 Tusen takk til alle som gjennom 40 år har vore med på å gjere Ål til ein kulturkommune i særklasse!

https://www.nrk.no/buskerud/al-er-tredje-best-i-norge-pa-kulturliv-_-sjekk-din-kommune-her-1.18035606?fbclid=IwY2xjawUi92pleHRuA2FlbQIxMQBwZG9mBWJyaWQRMTN2R2J5dnlIM3hMajFXdk9zcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEesWwn_Npbdb1Ug66FDAf61Sre2EWnbhD-iPBu9A7un_tROec562Xb02IzCJs_aem_1Wq9slRfzfeGOHn3mAZEsw

Oslo er best, men en ny oversikt viser at Ål er tredje best i Norge på kulturliv.

Det skjer mykje i Ål denne hausten!Frå konsertar, teater og opera til kunst, foredrag, folkedans og arrangement for heil...
22/09/2026

Det skjer mykje i Ål denne hausten!

Frå konsertar, teater og opera til kunst, foredrag, folkedans og arrangement for heile familien. Me har samla nokre av opplevingane du kan få med deg frå september og heilt fram mot advent.

Sjå kva som skjer i Ål i haust:
https://www.visital.no/aktuelt/arrangementhosten-i-al/

Påminning om; Kulturtilskot 2026 - 2. rundeKulturkontoret har no lyst ut 2. runde 2026 med kulturtilskot.Dette er ein ek...
15/09/2026

Påminning om;

Kulturtilskot 2026 - 2. runde

Kulturkontoret har no lyst ut 2. runde 2026 med kulturtilskot.
Dette er ein ekstra runde som ikkje er standard for kvart år, men som me har mogelegheita til å gjennomføre i år.

Me oppfordrar alle frivillige lag og organisasjonar i Ål kommune til å søkje.

Søknadsfrist 18. september 2026

Dersom du treng veiledning til søknadskriving eller har utfordring med skjemaet, vil Anita vere tilgjengeleg på Ål kulturhus onsdag 16. september frå kl 16-19.

Søknadsrunden for 2027, med frist 1. desember 2026 vil foregå som normalt.

Søknadsskjema, og meir informasjon finn du på:
https://www.aal.kommune.no/meny/kultur-og-fritid/kulturpris-tilskot-og-stipend/

No er det mogelegheit for å søkje kulturtilskot! Hugs å søk innan fristen☺️👏🏻
04/09/2026

No er det mogelegheit for å søkje kulturtilskot! Hugs å søk innan fristen☺️👏🏻

Kulturtilskot 2026 - 2. runde

Kulturkontoret har no lyst ut 2. runde 2026 med kulturtilskot.
Dette er ein ekstra runde som ikkje er standard for kvart år, men som me har mogelegheita til å gjennomføre i år.

Me oppfordrar alle frivillige lag og organisasjonar i Ål kommune til å søkje.

Søknadsfrist 18. september 2026

Dersom du treng veiledning til søknadskriving eller har utfordring med skjemaet, vil Anita vere tilgjengeleg på Ål kulturhus onsdag 16. september frå kl 16-19.

Søknadsrunden for 2027, med frist 1. desember 2026 vil foregå som normalt.

Søknadsskjema, og meir informasjon finn du på:
https://www.aal.kommune.no/meny/kultur-og-fritid/kulturpris-tilskot-og-stipend/

31/08/2026

I Ål kan du oppleve alt frå hundekøyring på hjul til magiske fjellturar med utsikt mot Hallingskarvet og Reineskarvet, Lekeland og kulturopplevingar du seint vil gløyme. Sjå kva du kan fylle haustferien i Ål med.

For ei idrettsglede på Torpo i går! ⚽️🥳I går var Bakketun stadion fylt til randa av jubel, lagånd og herleg fotballglede...
31/08/2026

For ei idrettsglede på Torpo i går! ⚽️🥳
I går var Bakketun stadion fylt til randa av jubel, lagånd og herleg fotballglede under årets Torpo Knøttecup!
Heile 54 lag med ivrige og fartsfylte born i alderen 6 til 10 år har rulla ball, skåra mål og heia kvarandre fram. Det var ein heilt fantastisk dag på idrettsplassen, og det er umogleg å ikkje bli smitta av det herlege engasjementet frå både spelarar, trenarar og publikum.
Ein stor og velfortent takk til Torpo Idrettslag og alle dei frivillige som står på seint og tidleg for å skape slike opplevingar for borna våre. De gjer ein uvurderleg jobb for lokalmiljøet og fellesskapet! ❤️🏆
Takk til alle som tok turen og bidrog til fotballfesten – me gler oss allereie til neste år!

No er det naturlegvis mange som lurer på kva slags arrangement som kan gjennomførast dei nærmaste dagane. Ål fylgjer den...
28/08/2026

No er det naturlegvis mange som lurer på kva slags arrangement som kan gjennomførast dei nærmaste dagane.
Ål fylgjer den nasjonale rettleiaren for landesorg
- men kultur, idrett og frivilligheit kan fortsetja som vanleg.
Arrangørar bestemmer sjølv om dei vil avlyse eller gjennomføre arrangement.
Les heile rettleiaren her:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/hans-majestet-kong-haralds-bortgang-veiledning-til-den-nasjonale-sorgeperioden/id3171460/?fbclid=IwdGRleAT-1GtwZG9mBWZkaWQWUNXSeHJfpGqMhNRRvrZUSuO1wqxV7GV4dG4DYWVtAjExAHNydGMGYXBwX2lkCjY2Mjg1NjgzNzkAAR7kikqtmkvNWTjW80ye-fgAxCDbT6RT3bUVRO1Au5ui9qomLcLIG-DQ_eVzyQ_aem_DRLkK-6p9BFaWduspd430g

Hans Majestet Kong Harald har gått bort og regjeringen har fastsatt nasjonal sørgeperiode (landesorg) fra dødsdagen til gravferdsdagen. Nasjonal sørgeperiode er en periode for ettertanke og en markering av at befolkningen i Norge er i sorg.

Då er distriktsmusikar Kjetil Meberg Myhren på plass🤩🎻Dette er eit prosjektsamarbeid mellom Hemsedal, Gol, Hol, Ål og Bu...
21/08/2026

Då er distriktsmusikar Kjetil Meberg Myhren på plass🤩🎻
Dette er eit prosjektsamarbeid mellom Hemsedal, Gol, Hol, Ål og Buskerud Fylkeskommune. Hjarteleg velkomen til Kjetil!
Allereie neste veke får skulene i heile Hallingdal på 3.-7. trinn besøk.
Ynskjer du samarbeid eller besøk, ta kontakt med prosjektkoordinator Rune Resset.
Frå venstre: kommunalsjef kultur, Inger Bråten, distriktsmusikar Kjetil Meberg Myhren, prosjektkoordinator Rune Resset.

Adresse

Myren 1
Ål
3570

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kultur i Ål kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kultur i Ål kommune:

Snarveier

Del

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Ål

Vis Alle